I 1878 vart den gamle kyrkja revi og ei ny sett upp i staden. Um den nye kyrkja er der ikkje meir aa segja enn um dei flestekyrkjor som er bygde i seinare tid.
Slik omtalar overlærar Jon Laberg Hafslo kyrkje i bygdeboka frå 1926.

Kyrkja ligg vakkert til like ved Hafslovatnet. Tårnet er ein ekstra fin detalj på kyrkja. Fargane i kyrkjerommet har vorte endra ein god del sidan ho var ny. I staden for måla altartavle har kyrkja glasmåleri i austveggen av Jesus som den gode hyrdingen.

Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 4. desember 1878
Arkitekt: J. Faye
Byggmeister: Carl Askeland
Sitjeplassar: 300