Om Gaupne barnehage

Gaupne barnehage er ein barnehage med seks avdelingar. Barnehagen er godkjent for inntil 132 barnehageplassar for barn i alderen 0-5 år. For vårsemesteret 2024 har Miljøretta helsevern godkjent ei mellombels bruksendring for 142 barnehageplassar. 

Gaupne barnehage har desse satsingane i 2023/2024:

  • Fysisk aktivitet (friluftsliv)
  • Psykisk helsefremjande leikemiljø (COS-metodikken)
  • Song

Gaupne barnehage brukar friluftsliv som ein metode i arbeidet med å nå desse tre satsingsområda. Me ser at verdien av å vera ute er viktig i dagens samfunn.Å gå tur saman med vener i barnehagen og vaksne, der ein kan undre seg over ting saman, bruke sansane sine i trafikken, lære noko nytt, oppleve aktive vaksne, finne ut av ting saman med ein vaksen og få fysiske utfordringar. Desse opplevingane er òg viktig i eit helsefremjande perspektiv, både psykisk og fysisk. 

Dette vil òg vera viktig i forhold til førebyggande arbeid mot mobbing og krenking, sjå barnehagelova § 41 og 42. Å førebu ein tur med å pakke sekk, erfare kva klede ein treng til ei kvar tid, å planlegge kvar ein kan gå og kva ein må passe på både i trafikken og i naturen. Det å kome litt «sliten» heim er òg ein viktig del av friluftsliv. Samtidig får barna vera med å medverke i eigen kvardag.

I Gaupne barnehage har me eit psykisk helsefremjande leikemiljø som seier «kom og leik» der borna kan setje i gang, styre og strukturere leiken sin sjølve. Tryggleikssirkelen (COS) er grunnmuren i arbeidet vårt med barn. Den er ei hjelp til å sjå barnet innanfrå og møte dei på kjenslene sine. 

Me vil bruke songen på tur, i overgangssituasjonar og i kvardagen. Det vil vera fokus på både nye og gamle songar. Songen skapar samhald, glede og språkutvikling.

Barnehagemiljø

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen skal arbeida kontinuerleg for å fremja helsa, trivselen, leiken og læringa til borna.

Eit godt barnehagemiljø handlar mellom anna om at barnet er inkludert i barnegruppa og opplever å vera betydningsfull for fellesskapet. Det å gå i barnehagen skal vera ei positiv oppleving og noko barnet ser fram til. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn i barnehagen vert utsett for krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering. Dersom eit barn ikkje har det trygt og godt, skal dei tilsette melda frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak.

Delpliktene i aktivitetsplikten er: 

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Les meir om barnehagen si aktivitetsplikt

Viss du mistenkjer eller opplever at barnet ditt vert mobba eller utsett for krenkingar, ta kontakt med leiinga i barnehagen.

Foreldreutvalet for barnehagar har laga eit hefte om kva tilsette og føresette kan gjera for å arbeida mot mobbing i barnehagen. Heftet er også tilgjengeleg på engelsk, polsk, somali, tigrinya og andre språk. 

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet: 
Barnehagemiljø
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Råd og utval

Foreldreråd, foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og samarbeidsutval (SU) 

I tillegg til dagleg kontakt, foreldresamtalar og foreldremøte er det lovpålagte samarbeidsorgan som skal sikra at foreldre har reell påverknad på det som skjer i barnehagen. 

Foreldrerådet består av alle foreldra i barnehagen. Her kan dei møtest, diskutera ønske og behov og koma med forslag til barnehagen. Dette vert gjerne halde som del av foreldremøte tidleg på hausten. Det er foreldrerådet som vel representantar til FAU og til SU. 

FAU skal vere bindeleddet mellom foreldra og barnehagen i saker som gjeld fleire enn kun eige barn. FAU skal fremja foreldregruppa sine fellesinteresser overfor barnehagen og arbeide for eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet (SU) er eit lovpålagt utval med likt tal tilsette og foreldre. SU er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Representantane i SU har teieplikt. SU tek opp saker som er meldt inn frå foreldrerådet, personalet eller styrar. Det er SU som godkjenner barnehagen sin årsplan, jf. barnehagelova § 2. Aktuelle saker i SU kan vera: faglege satsingar, budsjett og økonomi, rutinar, trafikktryggleik, personalsituasjon, foreldreundersøkingar. 

Medlemer av samarbeidsutvalet i Gaupne barnehage 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​ Henry Arne Helle og Stig Fuglesteg Veiland
  • Representant/-ar frå dei tilsette:​​ Anne Margrete Veum og Linn Therese Skagen
  • Representant frå kommunestyret: Anette Stegegjerdet Norberg og Kåre Hønsi (vara)
  • Sekretær: Heidi-Karin Teigen Njøs, styrar

Medlemmer av foreldrerådets arbeidsutval 2023/24:

  • Leiar: Henry Arne Helle, kontakt for avdeling Blå   
  • Nestleiar: Stig Fuglesteg Veiland, kontakt for avdeling Turkis
  • Medlemmer på dei ulike avdelingane:

Rosa:  Silje Øvrebø Foyn, Susanne Aardal  (vara)  

Grøn: Siv Oddny Monsen, Trude Bergum (vara)  

Gul: Marita Elvagjeng, Hege Solheim (vara)  

Oransje: Frank Halland Neset, Ida Lovise Seljestø Hauge (vara)

Turkis: Stig Fuglesteg Veiland, Kjetil Ruud  (vara) 

Blå: Henry Arne Helle, Glenn Joar Øvregard (vara) 

Arbeidsoppgåvene for FAU dette barnehageåret vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i barnehagen, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Samarbeid heim-barnehage

Barnehagen ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Barnehagen skal leggja til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra mellom anna i form av jamleg utveksling av observasjonar og vurderingar knytt til det enkelte barnet si helse, trivsel, erfaringar, utvikling og læring. Barnehagen skal grunngje sine vurderingar overfor foreldra og ta omsyn til foreldra sine synspunkt.  

Føresettportalen - Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Barnehage som barnehageadministrativt system. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app’en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 

Foreldremøte
Foreldremøte er ein viktig arena på fleire måtar: Barnehagen har høve til å informera direkte til foreldregruppa og foreldra kan verta kjende med kvarandre. På foreldremøtet kan ein også utveksla erfaringar frå barnehagekvardagen, og foreldra kan koma med sine synspunkt på aktuelle saker. Samarbeid og dialog er nøkkelord for det gode foreldremøtet. 
  

Foreldresamtalar
Alle foreldre har behov for informasjon om utviklinga til barnet deira og å få vita at barnet har det godt den tida det er i barnehagen. Barnehagen tilbyd difor foreldra to samtalar i løpet av barnehageåret, ein gong om hausten og ein gong om våren. Faste tema er trivsel, samhandling med andre barn og utviklinga til barnet.