Fonda er oppretta i samband med utbygging av:

1. Fortun/Grandfasta-vassdraget (føresegner pdf.)
2. Årøyvassdraget (føresegner pdf.)
3. Jostedalsvassdraget (føresegner pdf.)

Søk i vanleg brev (ikkje eige søknadsskjema). Er det driftsplan for vatnet, legg den ved søknaden.

 

I lys av ulike søknadar som har kome det siste året har landbrukskontoret sett nokre retningslinjer for fiskefonda:

 - Søknadar til fiskefonda skal koma frå rettshavar, eller brukshavar.

 - Det vert gjeve tilskot til inntil 75 % av dokumenterte utlegg (utan eigeninnsats)

 - Luster kommune, eventuelt representert ved ein oppdragstakar, har rett til seinare å nytte grunnlagsdata i andre prosjekter. Luster kommune har rett til å publisere alle data på internett.

- Alle nødvendige tillatingar frå offentlege styresmakter, grunneigarar og naboar må være i orden før tiltak vert sett i gong.

- Luster kommune har moglegheit til å dispensere frå retningslinjene når særlege høve føreligg.