Ikkje prangande, men enkel og varm.
Slik skildrar ein tidlegare prest i soknet korleis han opplevde kyrkja på Fet. Med få ord seier han noko om kyrkjebygget, og samstundes noko om atmosfæren han opplevde inne i gudshuset.

Frå den vesle haugen der Fet kyrkje står er det ikkje lange vegen bort til nabokyrkja på Joranger. Mange har opp gjennom tidene undra seg over at her i mellomalderen vart reist to kyrkjer så tett. Om dette har forfattaren av den gamle bygdeboka for Hafslo, Jon Laberg, skrive følgjande:

Naar Fet har si kyrkja og Jørongo har si, endaa så nær desse gardane ligg kvarandre, lyt me tru at det var dei adelege eigarane av desse gardane, som ikkje har kunna vorte einige um sams kyrkja, men bygt kvar for seg.

Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 12. november 1894 av biskop Fredrik W. Hvoslef
Arkitekt: Ukjend
Byggmeister: John Alver
Sitjeplassar: 220