Eksempel på avrekning av feriepengar på juniløn

Feriepengar er ikkje skattefrie, men utbetalast trekkfritt i juni. Skattekortet er berekna slik at vi betaler litt meir skatt resten av året mot å få feriepengar trekkfritt og halv skatt i desember.

Døme 1: Arbeidstakar under 60 år: 5-dagers veke, utan full opptening

Kari har ei månadsløn på kr 30.000 og opptente feriepengar er kr 0. Kari arbeider 5 dagar per veke. Trekk for full ferie 25 arbeidsdagar.

Brutto månadsløn juni kr 30.000
Feriepengar (12 % av feriepengegrunnlaget) kr 0
Trekk for 25 feriedagar med løn
(månadsløn i juni x 12 månadar x 25 dagar / 5 dagar x 52 veker
= 30.000 x 12 x 25 / (5 x 52))
- kr 34.615
Bruttoløn i juni - kr 4.615

Døme 2: Arbeidstakar under 60 år: 5-dagers veke, full opptening

Truls har ei månadsløn på kr 30.000 og opptente feriepengar er kr 38.000. Truls arbeider 5 dager per veke. Trekk for full ferie 25 arbeidsdagar.

Brutto månadsløn juni kr 30.000
Feriepengar (12 % av feriepengegrunnlaget) kr 38.000
Trekk for 25 feriedagar med løn
(månadsløn i juni x 12 månader x 25 dagar / 5 dagar x 52 veker
= 30.000 x 12 x 25 / (5 x 52))
- kr 34.615
Bruttoløn i juni kr 33.385

Døme 3: Arbeidstakar under 60 år: 60 %-stilling, full opptening

Arbeidsplanen viser at Mona arbeider fulle arbeidsdagar 3 dagar per veke. Mona har ei månadsløn på kr 24.000 (40.000 x 60 %) og opptente feriepengar. Full ferie er 5 veker med 3 dagar per veke, dvs. 15 feriedagar med løn.

Brutto månadsløn juni kr 24.000
Feriepengar (12 % av feriepengegrunnlaget) kr 29.000
Trekk for 15 feriedagar med løn
(månadsløn i juni x 12 månadar x 15 dagar / 3 dagar x 52 veker
= 24.000 x 12 x 15 / (3 x 52))
- kr 27.692
Bruttoløn i juni kr 25.308

Døme 4: Arbeidstakar over 60 år: 5-dagars veke, full opptening, med avgrensing for feriepengegrunnlag over 6 G

Ingrid har ei månadsløn på kr 60.000, opptente feriepengar er kr 72.000 + kr 13.800 for den ekstra ferieveka. Feriepengegrunnlaget for den ekstra veka skal iflg. Ferieloven § 10.3 ikkje overstige 6 G (grunnbeløpet i folketrygda).
6 G var pr. 1.5.2016 kr 555.456 og er her nytta i rekneeksempelet.

Ingrid får full kvote 25 ordinære feriedagar og 4 ekstra dagar «Ferie med løn».
Ingrid får også 1 dag kvote «Ferie utan løn»

Brutto månadsløn juni kr 60.000
Feriepengar (12 % av feriepengegrunnlaget) kr 72.000
Feriepengar over 59 år: 2,3 % av feriepengegrunnlaget er kr 13.800, men maksimumsbeløp er 2,3 % av 6 G (pr. 1.5.2016 vil det sei 2,3 % av kr 555.456) kr 12.775
Trekk for 25 arbeidsdagar ordinær ferie
(manedsløn i juni x 12 månadar x 25 dagar / 5 dagar x 52 veker = 60.000 x 12 x 25 / (5 x 52))
- kr 69.231
Trekk for 4 ekstra feriedagar med løn (60.000 x 12 x 4 / (5 x 52)) - kr 11.076
Bruttoløn i juni kr 64.468

Døme 5: Arbeidstakar med 5-dagars veke, redusert opptening

Marit har ei månadsløn på kr 30.000, opptente feriepengar hos Luster kommune er kr 15.000. Arbeidstakar har 15 dagar kvote «Ferie med løn» og 10 dagar «Ferie utan løn».

Ferie med løn – Ein blir trekt på juniløn for ferien ein tek i inneverande år

Ferie utan løn – Ein blir trekt når ein tek ferie, om ein tek 1 veke ferie i oktober utan løn, vert ein trekt 1 veke ferie på oktoberløna.

 

Ynskjer Marit å ta ut to veker ferie i oktober, må leiar legge inn «ferie utan løn» desse 10 dagane, som gir redusert utbetaling på oktoberløn.

Dette då Marit kun vart trekt for 15 dagar i juni.

Brutto månadsløn juni kr 30.000
Feriepengar (12 % av feriepengegrunnlaget) kr 15.000
Trekk for 15 feriedagar med løn
(månadsløn i juni x 12 månadar x 15 dagar / 5 dagar x 52 veker = 30.000 x 12 x 15 / (5 x 52))
- kr 20.769
Bruttoløn i juni kr 24.231

Feriepengar er trekkfrie, men løn er trekkpliktig. Her vert det trekt skatt av kr 9.231 (30.000 - 20.769).

Lønstrekk gjennomføres for «Ferie utan løn» etter kvart som slik ferie avvikles.

Døme 6: Arbeidstakar med 5-dagars veke, utan opptening

Feriepenger er ikkje opptent hjå Luster kommune og det er ingen feriepengar å utbetale dette året. Svein kan ha opptent feriepengar hjå anna arbeidsgivar.

Svein har kvote for 25 dagar «Ferie utan løn». Lønstrekk gjennomføras for «Ferie utan lønn» etter kvart som slik ferie avviklas.

Utbetaling av feriepengar

Ferie er i utgangspunktet fritid utan løn. Hensikta med feriepenger er å erstatte lønsbortfallet når du tar ferie.

Du tener opp feriepengar året før ferien skal avviklas, det vil sei i oppteningsåret. Kalenderåret du faktisk avviklar ferien kalles ferieår. Om du ikkje har vore i jobb året før, har du uansett rett til å ta ferie, men ikkje rett til feriepengar.

Tilsette som er i uløna permisjon, eller avsluttar stillinga før 30.06., vil ikkje kome med noko ferietrekk i juni. Om det er blitt avvikla feriedagar tidlegare i inneverande år, må desse meldast frå om så ein får lagt inn trekk manuelt.

Når vert feriepengar utbetalt?

  • Feriepengar utbetales i juni, uavhengig av når ferien faktisk avvikles. Samtidig kjem det eit ferietrekk for det tal dagar ein skal avvikle ferie med løn. 
  • Ved fråtreding vert feriepengar utbetalt som sluttoppgjer. Utbetaling skjer som regel etter siste lønning, det vil sei til neste ordinære lønningsdag etter fråtreding.

Ferietrekk for tilsette med timeløn

  • Opptente feriepengar vert utbetalt i juni.
  • Tilsette med timeløn har ikkje feriekvote og får ikkje utbetalt løn for dei dagane dei avviklar ferie.

Feriepengeoppgjer på juniløn

  • Ferieoppgjeret vert utbetalt på bakgrunn av ein enigongsberekning i juni.
  • Ferie er fritid utan løn. Det vil sei at arbeidsgjevarar som utbetalar 12 månadsløner skal trekke deg i løn når du avviklar ferie. Dette vert ikkje gjort kvar gong du avviklar ferie, men vert samla for heile året i juni, der du vert trekt løn for dei feriedagane som er plikta å avvikle.
  • Full feriefritid (25 arbeidsdagar ved 5 dagars arbeidsveke) utgjer meir enn ein kalendermånad (ca. 22 arbeidsdagar) slik at ferietrekket normalt er høgre enn månadsløna.
  • Feriepengane overstig normalt ferietrekket. Bruttoløna i juni blir difor normalt større enn ei månadsløn når du har full feriepengeopptening frå året før.
  • Har du ikkje full opptening og difor kvote «Ubetalt ferie», vil du verte trekt for desse feriedagane etter kvart som du avviklar dei.
  • Feriepengane vert utbetalt utan skattetrekk. Unntak gjeld ekstra feriepengar for dei over 60 år.

Ekstra feriepengar for personar over 60 år

  • Frå det året ein fyller 59 år opptener ein ekstra feriepengar med 2,3 % av feriepengegrunnlaget (avgrensa opp til 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda. For tilsette med feriepengegrunnlag over 6 G vil dei ekstra feriepengane ikkje fullt ut dekke lønsbortfallet i den ekstra ferieveka. Der dette er tilfelle, kan du velgje å ikkje avvikle feriedagane som ikkje vert dekka.
  • Feriepengane knytt til den ekstra ferieveka er trekkpliktig.

Skatt på feriepengar

Feriepengar er skattepliktig inntekt, men trekkfrie dersom det blir utbetalt i ferieåret (dvs året etter oppteningsåret).
Det skal altså ikkje trekkast forskotstrekk av feriepengar, bortsett frå feriepengar for den sjette ferieveka for tilsette over 60 år.

Desse er trekkpliktige og skal inngå i trekkgrunnlaget på utbetalingstidspunktet.

Det kan vere vanskeleg å forstå lønsslippen for juni

Her er eit døme på ein juni-lønnsslipp med forklarande tekstar 

  1. Ferielønsslipp[1].png100 Regulativløn: Løn for juni
  2. 100 Ferietrekk: Trekk for det tal dagar med ferie som skal avviklast i inneverande år.
    • Alle ligg fast inne med 25 feriedagar/5 veker, om ikkje anna er meldt inn.
    • Dette trekket gjer at ein får utbetalt løn som vanleg når ein seinare avviklar dei 25 feriedagane ein allereie er blitt trekt for i juni à ferie med løn.
    • Trekket blir rekna etter den løna/stillingsprosenten ein ligg inne med pr 30. juni.
    • Kan vera lågare/høgare enn opptente feriepengar; Om det er lågare kan det t.d. vera at ein har delvis permisjon/lågare stillingsprosent pr 30.juni, trekk blir rekna etter den reduserte stillingsprosenten. Om det er høgare, kallar me det for negativt ferietrekk, dette kan komme av at ein t.d. har vesentleg høgare løn pr 30.06 enn gjennomsnitt fjoråret, var nytilsett med oppstart seinare enn 01.01. i fjor, har avvikla full/delvis permisjon og dermed ikkje har full opptening førre år, osv.
  3. 410 Feriepengar ordinær: Opptente feriepengar hjå Luster kommune frå året før (dvs. 12% av feriegrunnlaget førre år).
    For dei som er 60 år og eldre reknar ein ytterlegare 2,3% for den 6. ferieveka. Dei 2,3% overgår ikkje 6G.
  4. 999 Netto utbetalt: Den vanlege løna di +/- overskot/negativt ferietrekk