Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt, oppretta som ein eigen eigedom (ny matrikkeleining) og tildelt eige matrikkelnummer; dvs. gardsnummer og bruksnummer. Den nye eigedommen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregister og eigedomskart). Avgjerder omkring deling av eigedom finn ein i plan- og bygningslova (pbl) og matrikkellova.

For frådeling av eigedom over eller under bakken, sjå anleggseigedom.

For frådeling av ein eigedom som skal leigast/festast vekk i meir enn 10 år, sjå festetomt.

For frådeling av eit areal som skal tilleggjast ein anna eigedom, sjå arealoverføring.

 

Kven kan søkje om deling?

Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfellene der det er eit firma som er eigar av eigedommen vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.

Søknad om deling skal innehalde:

1. Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning. Søknaden må underskrivast av samtlege heimelshavarar.

2. Situasjonskart; her skal det framgå korleis ein ynskjer å dele

3. Nabovarsel

 

Saksgang

Når søknaden er registrert i kommunen, føretek vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterar vi om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, tek kommunen ansvar for innhenting av desse.

Deling av landbrukseigedom
Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også handsamast av landbruksetaten med heimel i Jordlova § 12.

 

Følgjande vilkår må vere oppfylte:

•Ein frådeling må vere i samsvar med gjeldande arealplan.

•Tomta si form og storleik må vere skikka til busetnad. Dette gjeld både ny tomt og avgivartomta.

•Ny byggjetomt må vere sikra lovleg tilkomst og avkøyrsle til offentleg veg.

•Ny byggjetomt må vere sikra lovleg vekkleiing av avløpsvatn.

 

Vedtak etter plan- og bygningslova

Vedtaket fattast med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt innspel til søknaden.

 

Oppmålingsforretning

Når delingsløyve vert gitt, rekvisisjon om oppmålingsforretning er motteke og eventuelle vilkår for delingen oppfylt, målast eigedommen opp. Heimelshavar og eigarane til tilstøytande eigedommar får skriftleg varsel minst to veker før oppmålingsforretninga finn stad. Det vert ført ein protokoll der det framgår kven som møtte, om det var semje/usemje i påviste grenser og eventuelt andre forhold som kom opp under oppmålingsforretninga.

 

Eigedommen vert ført inn i matrikkelen og tinglysast

Etter oppmålingsforretninga vert den nye eigedommen (ny matrikkeleining) ført inn i matrikkelen og oversendt til Statens kartverk for tinglysing saman med evt. nødvendige erklæringar.

Når den nye eigedommen (matrikkeleininga) er tinglyst, skal kommunen utferde eit matrikkelbrev som skal sendast den som har rekvirert frådelinga.

 

Gebyr

Arbeidet med ei delesak er gebyrbelagt, sjå kommunen sine gebyrregulativ for kart- og oppmålingsarbeid.

I tillegg kjem tinglysningsgebyr.