fres brøyting.jpg

Brøyteinstruks

  • Vegar inkl. gang- og sykkelvegar og fortau skal vere gjennombrøyta før snømengda på vegen overstig 8 cm våt snø og 12 cm tørr snø.
  • Det skal brøytast etter alle snøfall større enn 5 cm.
  • Snørydding i kryss skal gjerast samstundes med eller rett etter at brøyting er gjort.
  • Snø framom og på trafikkskilt som betyr noko for trafikktryggleiken, skal ryddast rett etter avslutta brøyting/ snøvêr.
  • Beredskapsperioden er frå 01.10. til 01.05. kvart år/brøytesesong.


Entreprenøren skal på eige initiativ rykkje ut for å halda standarden på brøytinga og strøinga.

Førespurnad om vegvedlikehald skal rettast til servicetorget, tlf. 57 68 55 00 på dagtid, og kommunal beredskapstelefon tlf. 481 02 120 utanom kontortid.

Desse har kontrakt på brøyting for 2017-2022:

Rode Stad Namn
1 Ornes - Kinsedalen Odd John Bugge
2 Bjørk - Øyane Johannes L Nyløy
3 Drægni, Fortun skule og ved kyrkja Andreas Otterhjell 
4 og 5 Skjolden, kommunale vegar og plassar i Skjolden og Mørkridsdalen

Kristen Sverre Flohaug

6 Dalsdalen – Tallagjerdet, Bringebakkane, Steinabakkane, Harastølen og kom.plassar  Per Nyløy 
7

Høyheimsvegen, bustadfelt Høyheimsvik, Skildheim – Markstein

Harald Leirdal

8 og 9

Gaupne, kommunale vegar og plassar i Gaupne og Røneid

Gaupne – Engjadalen – Råum

Ole Mads Norenberg 

10 Leirdalen

Arne Leirdal

11 Alsmo og Vigdalen Kjetil Ruud
12 Føssøy, Halveg, Bakken, Gjerde, Mjølver, Jostedal kyrkje og ved skule og samf.hus  Kåre Reidar Aasen
13, 14 og 15

Marifjøra, Sviggaplassane, Joranger/ Tørvi, Melheim - Høgi – Bruheim, Lambhaug – Lundshaugen, Fet Kyrkje og ved skule/ barnehage,
Morki-Oppheimshaug – Øyni - Fruli og Mollandsmarki

Harald Leirdal

16 Krekavegen, Nordheim, Sterri, Kjos, bustadfelt Hestnes inkl. gang- sykkelveg frå busslomme Galden Nils Kåre Beheim
17 Bustadfelt Galden, gang- sykkelveg Buene – Galden, Galdetoppen industriområde, Bakkingavegen, bustadfelt Beheim, Hafslo sentrum inkl. kommunale plassar

Br. Lomheim AS

18 Solvorn Simen Skophamar
19 Kommunale vegar og plassar på Veitastrond John Molland