Søk TT-kort

Kven kan søkje om TT-kort?

  • Ordninga gjeld personar over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje kan nytte buss.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.

Kva kan du søkje om?

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukar).

Korleis søkjer du?

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Det er viktig å grunngje kvifor du som søkjar ikkje kan nytte offentleg transport. Begge skjema må fyllast ut før søknaden kan bli behandla.

Legeerklæringa må vere underteikna og stempla av lege. Søknadsskjema og legeerklæringsskjema sendast ferdig utfylt og samla entan via eDialog eller via post til:

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Skjema for utfylling på papir

Her finn du søknadsskjema til TT-kort (pdf)

Her finn du skjema som legen skal fylle ut (legeerklæring)(pdf)

Her kan du lese personvernerklæringa.

Kven behandlar søknaden?

Fylkeskommunen gjer vedtak i saka. I tvilstilfelle nyttar administrasjonen ei legenemnd som rådgjevande organ. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla.

Du kan klage på avslag

Får du avslag kan du sende klage til: 

Vestland fylkeskommune
avdeling for mobilitet og kollektivtransport
postboks 7900
5020 Bergen

Informasjon om TT-kort og kvoter finn du her.