Det er Forskerfabrikken som arrangerer Sommarlab i samarbeid med kommunen og med støtte frå Luster Sparebank og Luster Energiverk.

Innhaldet på årets kurs er heilt nytt, og det vert mange spennande aktivitetar og eksperiment.


Pris per deltakar er kr 1500,- og inkluderer fem forskardagar frå kl. 09-15, eige forskarutstyr, T-skjorte og solkokar.

Kommunen har ei støtteordning gjennom Luster Fritidsfond for dei som har utfordringar med å betala eigenandelen, og familiar kan ta kontakt med rektor for å få hjelp til søknad.  

Bli med på spennande forskardagar!

Meld deg på her