Fristen for å klage på vedtak om oppheving av planen er sett til 28. november 2021. Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 og § 15-3 i plan- og bygningslova.

Protokoll med vedtak frå møtet – sak 55/21

Saksutgreiing til møtet – sak 55/21

Varsel om planarbeid. Høyringsfrist 28.08.21

Plan- og forvaltningsutvalet har i møte 25.06.2021, sak 51/21, gjort slikt vedtak:
«Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune ber rådmannen starte prosessen med oppheving av reguleringsplan for Flatane planID 2011007.»

Saksdokument:

I kartløysninga kommunekart.com kan du sjå reguleringsplanen digitalt. I tillegg kan du sjå saksdokumenta ved å gå direkte inn i planregisteret og søkja på plannummer (planID) eller plannamn.

Merknadar
Merknadar kan sendast innan 28. august 2021 til Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne, eller på e-post til postmottak@luster.kommune.no