Vi har god kapasitet til vaksinering i dag 30/8 kl 15.00-19.30 og 1/9 kl 12.00-16.00 i Idrettshallen. Alle som er kalla inn med SMS kan bestille tid for vaksinering, eller komme på drop-inn på slutten av dagane. Det må gå minst 4 veker mellom dose 1 og dose 2.

Vi vaksinerar nå med Moderna, den verkar noko betre mot Delta-varianten enn Pfizer. Vi har ikkje registrert alvorlege biverknadar.

Til dei som er skeptiske: Koronasjukdommen gjer betydeleg meir plager enn vaksinen. Det kjem fleire rapporter om langtidssjuke etter sjukdom. Beskytt din familie, kollegaer, vener og kjende; ta dose 2. 

Knut Cotta Schønberg
Kommuneoverlege