Ope møte om ny reguleringsplan for Gaupne sentrum onsdag 18. oktober

Norconsult har fått i oppdrag å utarbeide detaljreguleringsplan for Gaupne sentrum, og ynskjer i den forbindelse å også få innspel frå innbyggjane og dei lokale næringsaktørane i kommunen. Norconsult vil presentere korleis ein arbeider med sentrumsplanen og informere om framdrift. Ut i frå dette ynskjer ein også å få innspel til planen.

Planarbeidet omfattar fleire sentrale tema:

  • Trafikkløysingar
  • Nye offentlege bygg
  • Næringsareal
  • Infrastruktur
  • Miljø- og klimavenlege løysingar

For å sikre ein god prosess og utarbeiding av ein plan som balanserer flest mogeleg omsyn, ynskjer Norconsult spesielt innspel på uterom, grøntareal, fortetting og vegløysingar for sentrumsområdet. Trafikkløysingar, infrastruktur og næringsareal er tema for planen som det er særskild interessant å få innspel om frå næringslivet.

Møtet blir i kommunestyresalen på Rådhuset i Gaupne onsdag 18. oktober i to deler:

  • kl. 14.00   for næringslivet og
  • kl. 18.00  ope møte for innbyggjane i kommunen


Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Nikolai Weum-Andersen, tlf. 41 66 86 39, e-post: nikolai.weum-andersen@luster.kommune.no

 

Informasjon om oppstart av planarbeidet finn du nedanfor:

Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid for Gaupne sentrum. Frist for innsending av innspel er 30.06.23.

I samsvar med reglane i § 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla oppstart av reguleringsarbeid for Gaupne sentrum.

Planen er forankra i Luster kommune sitt planleggingsprogram for 2023. 

Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for eit framtidsretta sentrum og sentrale oppgåver som skal avklarast er m.a.

  • Trafikkløysingar med ny kryssløysing RV 55
  • Nye offentlege bygg som helsesenter, kulturbygg og omsorgsbustader
  • Utvikling av privat næringsareal

 

Planen skal utformast som ein detaljert reguleringsplan jf. PLBL §12-3.  Aktuelle reguleringsføremål jf. PLBL § 12-5 er:

  • Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur
  • Bygningar og anlegg
  • Grønstruktur
  • Bruk og vern av vassdrag
  • Omsynssoner - faresoner

Har du innspel til planarbeidet? 

Innspel kan sendast innan 30.06.2023 til:
Luster kommune
Postboks 77
6866 Gaupne
 
 
Merk innspelet med plannamn, plan-ID og skriv kva tilknyting du har til det regulerte området (grunneigar, nabo osb.)

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til planarbeidet. Du kan kontakte planleggjar Nikolai Weum-Andersen på telefon 41 66 86 39 eller på e-post nikolai.hoelgaard.weum-andersen@luster.kommune.no