Korona pandemien ser nå ut til å ha stoppa opp i Luster. Det har siste veke vore registrert 8 positive sjølvtestar. Vi hadde ein topp i veke 7 og 8 med gradvis reduksjon. Det er til saman registrert 1710 positive sjølvtestar. Totalt vil vi anta at halve befolkninga i Luster har hatt covid-19 sidan pandemien starta.

Luster kommune stenger nå Koronatelefonen. Treng ein informasjon må ein ta kontakt med legekontoret eller helsestasjonen.

Vaksinasjon mot korona.

Det er nå opna for at personar over 80 år kan få tilbod om ein ekstra vaksinedose, altså 4. dose. Det er ikkje ein generell anbefaling om denne. Den enkelte innbyggjar må sjølv vurdere og velgje dette. Vi vaksinerer kvar andre veke og dei som ønsker slik 4. dose kan bestille dette via legekontoret. Vaksinasjon skjer på helsestasjonen. Første vaksine dag er 27/4.

Det må gå minst 12 veker mellom dose 3 og 4. Dei som har hatt 3 vaksinedosar og så har vorte smitte, treng ikkje dose 4.

Personar med alvorleg svekka immunforsvar er anbefalt grunnvaksinasjon med 3 dosar koronavaksine, samt ein oppfriskingsdose 12 veker etter dose 3. Dei som treng slik oppfriskingsdose må melde frå om dette.

 

Oppdaterte anbefalingar

Anbefalingane om covid-19 som no gjeld er:

  • Hald deg heime viss du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
  • Du treng ikkje halde deg heime i 4 døgn.
  • Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.
  • Du treng ikkje testa deg med sjølvtest. Viss du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime viss du føler deg sjuk.
  • Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hos kommunen.
  • Det gjeld eigne anbefalingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19 på Råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no)