Dei som tidlegare har fått beskjed om at dose 2 skulle vere etter 12 veker; alle  vil få melding om å bestille time til vaksinasjon. Vi har nå  4 vekers intervall mellom dosane.

Vi vil tilby vaksinasjon på dagtid.

Denne veke har 92 personar i gruppa 16/17 år fått første dose i Sogndal. Vi sette 216 dosar i Idrettshallen.

Gravide er anbefalt vaksinering når dei er over 12 veker i svangerskapet.

Det er til saman sett 7332 vaksinar som er fordelt med 3963 til 1. dose og 3369 til 2. dose. Det betyr at 76,4% av befolkninga har fått 1. dose og 64,9% har fått 2. dose. Dette er betre enn landssnittet. Over 90% av alle innbyggjarar over 18 år har fått 1. dose. For andre dose er tala slik: 55år og eldre; meir enn 90%, 45-54år 85,8%, 40-44år; 79,5%, 25-39år; 63,3% og 18-24år; 65,6%. Gruppa 25-39år er dei som måtte vente lengst på vaksinering.

Vi vil berre vaksinere med Pfizer-vaksina framover.

Onsdag 15/9 12-15 og onsdag 29/9 i idrettshallen for dose 2- dei som har fått melding om det. Alle som ønsker dose 1 kan og bestille time. Mogleg med drop-in.

For skuleborn

Måndag 20/9 vaksinerer vi på Luster ungdomsskule, onsdag 22/9 på Gaupne barneskule. Måndag 27/9 Hafslo barne og ungdomsskule. Vi vil da ha gitt tilbod til alle barn 12-15 år samt 16/17 åringar.