Kven skal få dose 3 no?

Det er definerte pasientgrupper med nedsett immunforsvar pga sjukdom og eller behandling. Til dømes organtransplanterte, alvorleg immunsvikt, aktiv kreftbehandling med immundempande behandling mm. Det er lege i spesialisthelsetenesta som skal gje råd om dose 3.

Det er berre dei definerte pasientgruppene som er aktuelle for dose 3. For gruppe1 kan fastlegane gje uttale.

Nærmare informasjon om dette finn du her

Luster kommune har vaksinar til dei som treng det. Er du i tvil kan du ta kontakt eller sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no eller ringe 906 72 675.

Vi vaksinerar onsdag 15/9 og onsdag 29/9 i Idrettshallen. Alle må booke time via HelseNorge eller ringe Koronatelefonen. Dropinn for dei som ikkje har fått dose 1. Alle som treng dose 2 skal ha fått tilbod, ta kontakt om du er usikker.