Me vil og framleis oppmode om dugnad i form av frivillig smittekarantene for eventuelle nærkontaktar – uansett vaksinasjonsstatus.

Vår oppleving er at dette er eit nødvendig supplement til dei eksisterande nasjonale tilrådingane.

Me vel derfor å opne opp koronatelefonen, og gir innbyggarane moglegheiten til å teste seg i løpet av helga.

Koronatelefonen: 90672675

Laurdag 31.07:
Koronatelefonen: kl 17.00-18.00
Test: Kl 18.00 – 20.00

Søndag 01.08: 
Koronatelefonen: Kl 11.00 – 13.00
Test: Kl 13.00 – 14.30 og 19.00 – 20.40

Testing vil foregå ved siden av koronabua – hald deg i bilen, du vert testa der du sit.  

Nye oppdateringar angåande smittesituasjonen vil komme fortløpande på Luster kommune sine heimesider.

Me takkar både lustringar og sogndøler for massiv dugnad og eigeninnsats så langt, og oppmodar til å halde ut ei stund endå.