Per Birger Lomheim.JPG I kommunestyremøtet 22. oktober 2020 på Eikum Hotel vart Per Birger Lomheim overrekkt Kongens fortenestemedalje av Ordførar. Per Birger vart heidra for innsatsen sin i hoppmiljøet i Sogn og Fjordane og for langvarig engasjement i Hafslo idrettslag og Sogn skisenter.
Bjørg Hovland hjå Kongen og Dronninga 2018.jpg

Bjørg Hovland vart storleg overraska då ho sommaren 2018 vart tildelt kongens fortenestemedalje under arrangementet «Livstrappa». Bjørg vart heidra for å ha lagt ned eit enormt arbeid med å samla historie og systematisk dokumentasjon for folkedrakter og bunader frå Sogn. Ho har rekonstruert og sydd bunader og klede som var brukt i sognebygdene. Ho har også vore styreleiar i Luster sogelag, styremedlem i Luster Husflidslag, styreleiar i Luster Bondekvinnelag, styremedlem i Norsk Bunadsforum, Styreleiar i Luster Bygdekvinnelag, medlem av kulturstyret i Luster kommune og styremedlem i dei Heibergske Samlingar.

Liv Helen .JPG

Liv Helen Nystuen mottok Kongens fortenestemedalje i sølv, den 10. juni 2017 under Lustramarknaden. Heilt frå Liv Helen Nystuen flytta til Luster for nærare 40 år sidan, har ho arbeidd for at lustringar skal halde seg i form. På sin milde måte har ho bidrege i styreverv, leiarverv, som trenar og instruktur i idrettslaget Bjørn, Nasjonalforeningen Gaupne helselag og seniordansen. Det var stor applaus då ordføraren overrekte medaljen til eldsjela for folkehelsa.

Torodd Joranger med Kongens fortenestemedalje Torodd Joranger mottok den 20. mars 2016 Kongens fortenestemedalje i sølv for sitt engasjement i frivillig arbeid med fleire ulike tillitsverv, dugnadsarbeid, som lagleiar i handball, korpsdirigent, som redaktør for lagsblad og ikkje minst som grunnleggaren av Indre Hafslo Spelemannslag.
Joranger vart overraska med pris på ein konsert som Indre Hafslo Spelemannslag arrangerte i bygda sitt eige ungdomshus.
Ivar Kvalen + Anders Fortun m.diplom+medalje_600x399.jpg Anders Fortun fekk utdelt Kongens fortenestemedalje i sølv under Kulturdagane på Skjolden 31. mai 2014. Han har brukt mest all fritida si til å fremje idretten i Luster kommune i bedriftslag og i det lokale idrettslaget. På fylkesplan har han engasjert seg i alle ledd frå styremedlem, leiar og trenar. Han har stått på for barn og ungdom sidan 1971 då han kom med i arbeidet til Fanaråk.
Stein Bugge Næss - kongens fortenestemedalje.jpg Stein Bugge Næss fekk utdelt Kongens fortenestemedalje i sølv på 40-årsmarkeringa til Luster Turlag i slutten av november 2011. Han fekk påskjøninga for sin innsats gjennom mange år i ulike styreverv, då særleg Luster turlag der han har vore leiar i 35 av 40 år. Han har vore særleg flink til å formidle, gjennom tekst, bilete og føredrag, det store mangfaldet lustranaturen har å by fram. 
Kjellaug og Erling Ormelid med ordførar Torodd Urnes Syskena Kjellaug og Erling Ormelid er tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for eit langt yrkesaktivt liv på garden Ormelid. Her har dei drive garden på tradisjonelt vis og forvalta eit kulturhistorisk landskap som går minst 4000 år tilbake i tid. Ordførar Torodd Urnes overrekte fortenestemedaljen 23. mai 2011. i heimen til Kjellaug og Erling på eldresenteret i Luster.
Kjartan Kvien fekk den 13. april 2011 utdelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Kjartan Kvien er mangeårig medlem i Luster Senterparti og er ein person som har gjort svært mykje samfunnsnyttig arbeid, både politisk, i frivillige lag og organisasjonar og gjennom arbeidet sitt.
Marit Bøen.png Marit Bøen fekk utdelt Kongens fortenestemedalje i sølv den 18. juni 2009 for sitt lange virke i ulike stillingar innanfor kyrkjeleg arbeid og hennar sterke engasjement i frivillige organisasjonar, spesielt for engasjementet og kunnskapen om Urnes Stavkyrkje. Ho har gjennom sine omvisningar i kyrkja vore med på å spreie kunnskapen om Urnes stavkyrkje til gamle og unge, langt utover kommunen sine grenser. I tillegg har ho vore aktiv som leiar i bibelstudiegrupper for unge og vaksne og i misjonsforeningsarbeid i over 20 år. 
Olav Kjos-Wenjum fortenestemedlaje.jpg Olav Kjos-Wenjum fekk den 17. november 2007 Kongens fortenestemedalje i sølv, fordi han i meir enn 5 ti-år hatt ein sentral og viktig rolle i fotball- og idrettsrørsla lokalt og regionalt. Allereie som 15-åring vart han medlem i styret i Hafslo idrettslag. Sidan gjekk det slag i slag med mange rollar og verv både innan idretten og andre organisasjonar. Kvar helg på vinterstid drog han og kona med idrettslagsbussen full av barn frå Hafslo som skulle på skirenn, og om sommaren bar det rundt omkring i heile fylket på fotballkampar. Han har brukt svært mykje av tida og ressursane sine på idretten. 
Ingvard S. Bolstad - kongens fortenestemedalje.jpg Butikksjef Ingvard S. Bolstad mottok 18. mars 2003 Kongens fortenestemedalje i sølv på eit årsmøte på Skjolden hotell. Han har jobba ved den same butikken alle dei 45 åra han har vore tilsett i Coop Indre Vestland. Bolstad er ein svært nøyaktig og serviceinnstilt person som har gjort alt som kan gjerast for at kundar og medlemar skal trivast i butikken. Han har ikkje vore oppteken av arbeidstid, og dagane kan i mange høve ha vorte lange. Hans store arbeidsinnsats har då også gjort at butikken på Skjolden kvart år har kome ut med godt resultat. 
Sigmund Nyland.jpg Rådmann Sigmund Nyland.
I samband med at Sigmund Nyland gjekk av som rådmann i Luster kommune 30. juni 1989, vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Han fekk medljen for arbeidet sitt ved forsyningsnemnda under krigen, som kommunekasserar og formannskapssekretær frå 46-62 i Hafslo kommune, som kontorsjef frå 63-82 og som rådmann frå 1982 i Luster kommune. Nyland hadde òg fleire styreverv.
Diverre vart det inga offesiell markering fordi Nyland vart sjuk. 
Martin A. Skare.JPG

Driftsingeniør Martin A. Skare mottok Kongens fortenestemedalje i sølv den 6. desember 1986 på Tørvis hotell for hans 46 års arbeid i L/L Luster kraftlag frå 1940-1986. Skare har vore aktiv politikar og har hatt mange kommunale tillitsverv. Han var medlem av kommunestyret i 4 periodar 1952-1967, og i formannskapet 1960-1962. medlem av skulestyret 1963-1971 og arbeidstilsynet 1956-1979, formann frå 1960. Han har og lagt ned eit stort arbeid i frivillige lag og organisasjonar. 

Eirik Hærum.jpg Eirik Hærum mottok under ei tilstelning på Solstrand pensjonat 23. august 1985 Kongens fortenestemedalje i sølv. Det var ordførar Jan Haugen som overrekte medaljen til mannen som har hatt ein mannsalder bak seg som organist i kyrkjene i soknet. Han starta som organist i Nes kyrkje i 1939. I 1940 vart han og tilsett som organist i Dale og Gaupne kyrkje, og i 1960 vart han og organist for Fortun kyrkje. 
Sigmund Kjos-Wenjum.jpg Drosjeeigar Sigmund Kjos-Wenjum fikk tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv 16. januar 1984, etter 50 års aktivt arbeid for drosjeyrket, og likeeins for Sogn Taxiforening. Det gode humøret hans gjorde at han var godt likt av passasjerane. Han utførte alle oppdrag med stor velvilje. Kjos-Wenjum hadde og 3 periodar i kommunestyret 1956-1967,  siste periode også som formannskapsmedlem. Han var medlem i trygdestyret i meir enn 20 år og vart nytta som domsmann i fleire periodar. I Hafslo sparebank var han medlem i forstandarskapet i over 15 år og i bankstyret i 6 år. 
Inga Nitter Walaker.jpg Inga Nitter Walaker vart i 1983/84 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for samfunnsnyttig arbeid i meir enn ein mannsalder. Ho hadde ein mangeårig innsats innan Norges Husmorforbund på fylkes- og lokalplan. Inga Nitter Walaker var formann for Hafslo helselag 1923-46, for Sogn Sjukepleieforening 1935-58, for Nasjonalforeningen sitt Fylkesstyre for Sogn og Fjordane, for Kvinnens Arbeidshjelp i Hafslo, for Solvorn Husmorslag i ca 20 år og for Solvorn Sjømannsmisjonsforening. Ho var og medlem i fleire andre organisasjonar. Inga vart fødd i Fjærland i 1893 og vaks opp i Luster. Ho gifta seg med Wilken Nitter Walaker i 1923 og flytta til Solvorn. Då ho kom til Solvorn vart ho den kjende hotellvertinna ved Walaker Hotell og der fann ein henne også etter at ho fylte 90 år.
Olav Falkgjerdet.jpg Lærar Olav Falkgjerdet mottok Kongens fortenestemedalje i sølv den 26. juni 1982 på Norsk Søndagsskuleforbund si generalforsamling i Balestrand. Han hadde vore formann for Sogn søndagsskulekrins i 45 år då han fikk medaljen. Han jobba som lærar og klokkar. Som lærar jobba han på Fjellberg i Sunnhordaland, Veitastrond, Yndesdal skulekrins, kvamsøy, Jostedal, Ugulen og til sist Hafslo. På alle desse stadane deltok han aktivt i søndagskulane. Falkgjerdet var heile livet aktiv i kristleg arbeid, mellom anna var han formann for Sogn Indremisjonslag i 21 år. 
Anders Bjørk .jpg Gardbrukar og ordførar Anders Bjørk mottok 15. juni 1981 Kongens fortenestemedalje i gull ved ei samkomme på Skjolden Hotell for samfunnsgagnleg innsats. Det var fylkesmann Ingvang Ulvseth som overrekte medaljen. Bjørk la ned eit stort arbeid for både kommunen og fylkeskommunen. Han vart innvald i kommunestyret i 1945 og utan om perioden 1956-59 var han med i kommunestyret fram til han sa frå seg attval i 1975. Bjørk sat og i formanskapet alle periodane han var i kommunestyret. Han vart vald til ordførar i 1960 og det var han heilt til han slutta i 75. Bolkvis var han og medlem av andre kommunale organ slik som fattigstyret, skulestyret og overlikningsnemnda. Han vart innvald i fylkesutvalet i 1964 og var medlem samanhengande fram til 1979. Frå 1968 til 1971 var han og fylkesvaraordførar.
Anna Bøen.jpg Anna Bøen fekk den 30. november 1980 Kongens fortenestemedalje i sølv for si smittande livsglede og sitt pågangsmot. Ho og mannen hennar Erik Bruheim bygde opp heimen sin frå berr bakke. Etter eit årelangt slit med stølsdrift, nydyrking og vedhogst greide dei få fram eit småbruk dei kunne livberga seg av. Anna Bøen ga aldri opp. Ho hadde og ei særleg interesse for prydvevnad, og det arbeidet sat ho med i dei seine nattetimane, medan dei andre sov. Ho var eit bevis på at ærleg strev, sjølv under dårlege kår, kan fostra sjeldne livskvalitetar. 
Erik Fortun.jpg Poststyrar og gardbrukar Erik A Fortun vart den 29. oktober 1979 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Han var aktiv i mange lag og organisasjonar i det offentlege livet. Han hadde vore formann i Luster ungdomslag i 5-6 år, Fortun idrettslag i 2-3 år, Fortun samvirkelag i 8-10 år, Forliksrådet i ein periode og Overlikningsnemnda i ein periode då han blei tildelt medaljen. Han var observatør ved  Fortun værstasjonen gjennom 38 år. Erik A Fortun utførte arbeidet sitt påliteleg og samvittigheitsfullt til instituttets fulle tilfredsheit. 
Hermund Mosevoll.jpg Hermund Mosevoll mottok Kongens fortenestemedalje i sølv i heimen sin den 5. juli 1975. Etter to arbeidsopphald i Amerika kom han heim til Jostedalen og gifta seg med Brita Hesjevoll, dei slo seg ned på Kruna i Krundalen. Etter tre år vart garden teken att på odel. Dei begynte då å drive klokkargarden på Øvregard, men der var det ikkje alt for god jord, og då dei fekk kjøpa Mosevoll slo dei seg ned der. Det første Hermund gjorde der var å byggja to nye hus, og det gjorde han sjølv. Attåt dette dyrka han om lag 50 mål jord, og alt er inngjerda med steinstolpar. I alt har han meisla ut og drege til gards om lag 400 slike steinstolpar.