Gjeldande kommunal plan for trafikktrygging 2016-2028, vart vedteke av kommunestyret 15.11.15 i sak 70/15. Planen har to delar. Del 1 er den langsiktige hovudplanen som skal reviderast eller stadfestast kvart 4. år. Del 2 er handlingsprogrammet som kan rullerast årleg. Begge delar skal reviderast i år. Det er høve for alle å engasjere seg og komme med innspel til planarbeidet.

Dersom du ynskjer å kome med innspel til aktuelle trafikktryggingstiltak i kommunen, kan du lettast gjere dette på det elektroniske høyringsskjemaet vårt. Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@luster.kommune.no eller i posten til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne.

Gjeldande plan, del 1, hovudplanen og del 2 finn du her (under T på lista).

Når fristen for innspel er ute vil alle innspel verta vurdert. Framlegg til revidert plan og handlingsprogram vil etter politisk handsaming verta lagt ut til offentleg ettersyn.

Kontaktperson for planarbeidet er Jan Magne Svåi, tlf 57 68 55 04.