Tema

Samarbeid mellom frivillige lag og organisasjonar og kommunen. Ein aktiv og levande frivillig sektor er grunnleggande for eit levande lokalsamfunn. Interessa og behovet for samarbeid mellom frivilligheit og kommune har auka i løpet av dei siste åra. Ein god relasjon og dialog mellom kommunen og lokale lag og organisasjonar har stor betydning for korleis vi saman kan skape eit godt lokalsamfunn. Kommunen ønskjer å utvikle ein frivilligheitspolitikk og treng innspel frå organisasjonane. Kommunen har avtale med Frivilligheit Norge som vil være ansvarleg for det faglege innhaldet på kveldskonferansen.

Program:

  • Velkomst v/ordførar
  • Presentasjon og dialog om kveldens tema v/Frivilligheit Norge
  • Om frivillige organisasjonar sin betydning som nærmiljøbyggar
  • Fakta om frivilligheit
  • Frivilligheitspolitikk; samspel og samarbeid mellom frivilligheit og kommune
  • Korleis skape større rom for frivilligheit i kommunen?
  • Kafedialog der organisasjonane kan komme med innspel som beskriv eigne utfordringar og ressursar samt kommunen sin rolle som tilretteleggjar i samarbeid og kontakt med frivilligheita
  • Oppsummering
  • Vegen vidare

Velkommen! Det blir servering av kaffe, te mm