Om Gamlestova barnehage

Gamlestova barnehage er ein barnehage med fire avdelingar på Hafslo.
Barnehagen er godkjent for inntil 90 barnehageplassar i alderen 0-5 år.

Gamlestova barnehage har desse satsingane i 2023/24:
Fysisk og psykisk helsefremjande barnehagen: 
I Gamlestova barnehage skal borna vera fysisk aktive aktive kvar dag. Ute- og innetid skal vektleggjast like mykje, og vi skal ha like god vaksentettleik inne som ute. 

Livsmeistring - robuste barn og ungdom 2020-25:
Samarbeidsprosjekt mellom Luster og Sogndal kommune. Gje barn kompetanse, dugleik og verktøy til å kunne utvikle ei god og robust psykisk helse. Barna skal lære seg å takle livets med- og motgangar.

Regional kompetanseutvikling 2022-24: Tema: Foreldresamarbeid
Vi har fokus på foreldresamarbeid der vi jobbar med oppstartssamtalen for å bygge gode relasjonar med føresette og sikre trygg overgang for barnet frå heim til barnehage. 

Regional kompetanseutvikling 2020-22: Tema: Vaksenrolla 
Eit avslutta prosjekt der fokuset var å utvikle den profesjonelle vaksne i møtet med barnet/barna. Dette tek vi med oss inn i arbeidet med metodikken «Sjå barnet innanfrå». Personalet som skal auke sin bevisstheit på kva barn treng for å fremje tryggleik, livsmeistring og helse.

Barnehagemiljø

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen skal arbeida kontinuerleg for å fremja helsa, trivselen, leiken og læringa til borna.

Eit godt barnehagemiljø handlar mellom anna om at barnet er inkludert i barnegruppa og opplever å vera betydningsfull for fellesskapet. Det å gå i barnehagen skal vera ei positiv oppleving og noko barnet ser fram til. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn i barnehagen vert utsett for krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering. Dersom eit barn ikkje har det trygt og godt, skal dei tilsette melda frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak.

Delpliktene i aktivitetsplikten er: 

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Les meir om barnehagen si aktivitetsplikt

Viss du mistenkjer eller opplever at barnet ditt vert mobba eller utsett for krenkingar, ta kontakt med leiinga i barnehagen.

Foreldreutvalet for barnehagar har laga eit hefte om kva tilsette og føresette kan gjera for å arbeida mot mobbing i barnehagen. Heftet er også tilgjengeleg på engelsk, polsk, somali, tigrinya og andre språk. 

Mobbeombodet i Vestland
Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Informasjon om mobbeombodet i Vestland

Andre aktuelle nettstader
Utdanningsdirektoratet: 
Barnehagemiljø
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Råd og utval

Foreldreråd, foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og samarbeidsutval (SU) 

I tillegg til dagleg kontakt, foreldresamtalar og foreldremøte er det lovpålagte samarbeidsorgan som skal sikra at foreldre har reell påverknad på det som skjer i barnehagen. 

Foreldrerådet består av alle foreldra i barnehagen. Her kan dei møtest, diskutera ønske og behov og koma med forslag til barnehagen. Dette vert gjerne halde som del av foreldremøte tidleg på hausten. Det er foreldrerådet som vel representantar til FAU og til SU. 

FAU skal vere bindeleddet mellom foreldra og barnehagen i saker som gjeld fleire enn kun eige barn. FAU skal fremja foreldregruppa sine fellesinteresser overfor barnehagen og arbeide for eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet (SU) er eit lovpålagt utval med likt tal tilsette og foreldre. SU er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Representantane i SU har teieplikt. SU tek opp saker som er meldt inn frå foreldrerådet, personalet eller styrar. Det er SU som godkjenner barnehagen sin årsplan, jf. barnehagelova § 2. Aktuelle saker i SU kan vera: faglege satsingar, budsjett og økonomi, rutinar, trafikktryggleik, personalsituasjon, foreldreundersøkingar. 

Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​ Øyvind Åsarmoen Møller og Ane Hestad  
  • Representant/-ar frå dei tilsette:​​ Kathrine Vikøren Myhre og Cathrine Nese
  • Representant frå kommunestyret: Einar Bolstad og Vivian Kvam (vara)
  • Sekretær: Per Rune Joranger

 

Medlemer av Foreldrerådets arbeidsutval 2023/24:

  • Leiar: Øyvind Åsarmoen Møller, kontakt for avdeling Storestova   
  • Nestleiar: Ane Hestad, kontakt for avdeling Loftstova  
  • Skrivar: Maria Opheim, kontakt for avdeling Stova   
  • Kasserar: Ida Høyheim Vik, kontakt for avdeling Vetlestova   
  • Medlemer: Per Olav Opheimshaug, kontakt for avdeling Loftstova  

Arbeidsoppgåvene for FAU dette barnehageåret vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i barnehagen, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Samarbeid heim-barnehage

Barnehagen ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Barnehagen skal leggja til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra mellom anna i form av jamleg utveksling av observasjonar og vurderingar knytt til det enkelte barnet si helse, trivsel, erfaringar, utvikling og læring. Barnehagen skal grunngje sine vurderingar overfor foreldra og ta omsyn til foreldra sine synspunkt.  

Føresettportalen - Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Barnehage som barnehageadministrativt system. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app’en Foresattportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 

Foreldremøte
Foreldremøte er ein viktig arena på fleire måtar: Barnehagen har høve til å informera direkte til foreldregruppa og foreldra kan verta kjende med kvarandre. På foreldremøtet kan ein også utveksla erfaringar frå barnehagekvardagen, og foreldra kan koma med sine synspunkt på aktuelle saker. Samarbeid og dialog er nøkkelord for det gode foreldremøtet. 

Den vanlege måten å organisera foreldremøte ved Gamlestova barnehage er at foreldra vert delt i grupper, det vert lagt fram eit tema eller ei problemstilling som gruppa diskuterer. 

  

Foreldresamtalar
Alle foreldre har behov for informasjon om utviklinga til barnet deira og å få vita at barnet har det godt den tida det er i barnehagen. Barnehagen tilbyd difor foreldra to samtalar i løpet av barnehageåret, ein gong om hausten og ein gong om våren. Faste tema er trivsel, samhandling med andre barn og utviklinga til barnet.

Råd og utval

SU/SMU

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld SU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2019-20:

  • Representantar frå FAU:​ Christianne Kvam og Ann Kristin Sperle
  • Representantar frå Elevrådet: Stina Bukve Gunnestad og Jan Daniel Olsen
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​Anne Perlaug Fossøy og Ragnhild Stangeland (Nøkkelperson Olweus) 
  • Representant frå øvrige tilsette: Berit Lad (SFO)
  • Representant frå kommunestyret: Gunn Beate Thorsnes Lefdal, vara:
  • Ekstra representantar i skulemiljøutvalet: Camilla Therese Leirdal (FAU) og Johanne Fristad (Elevrådet)

FAU

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):
  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Gaupne skule består av alle klassekontaktene frå 1. - 7. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalget (SU) for Gaupne skule.

FAU skuleåret 2019-2020:

  • Leiar:
    Ann Kristin Sperle, klassekontakt 5. klasse
  • Nestleiar:
    Christianne Kvam, klassekontakt 4. klasse
  • Skrivar:
    Anne Grethe Leirdal, klassekontakt 3. klasse
  • Kasserar:
    Randi Aarøy, klassekontakt 7. klasse
  • Medlemer:
    Camilla Therese Leirdal, klassekontakt 2. klasse
    Camilla Steinset Teigen, klassekontakt 1. klasse
    Tone Thomassen, klassekontakt 6. klasse

Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.