A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Storestova - 954 17 731

Eventyrfestival torsdag 18.4

Torsdag 18.4 kl. 12 er vi invitert på Eventyrfestival på skulen. Dette er eit samarbeid mellom Luster vidaregåande og 4. klasse ved Hafslo skule. Gjennomgangstema i festivalen er Margrete Munthe. Vi reiser med alle ungane på avdelinga.

2013-04-17

Avslutning av temaet om kroppen

Onsdag 17.4 avsluttar vi temaet om kroppen. I arbeidet med dette har vi jobba med kroppen utvending og innvendig. Vi avrundar dette med å sjå filmen "Jakten på nyresteinen". Vi har reservert rom på skulen slik at barna får sjå filmen på stor skjerm frå kl. 10.00.  Vi øsnkjer derfor at barna er komne før kl. 8.45. Skal dei ete frukost i barnehagen bør dei vere komne enda litt før.

2013-04-15

Foreldremiddag onsdag 27.2.13

Vi inviterer foreldre og søsken velkomne til foreldremiddag onsdag 27.2.13.
Vi startar serveringen kl. 15.00 og avsluttar kl. 16.00
Det kostar 50 kr pr vasken, 25 kr på søsken og barnehagebarna er gratis.
På menyen står det betasuppe med rundstykkje og flatbrød.

2013-02-25

Estetisk veke, Månegruppa

I veke 6 skal studenten gjennomføre estetisk veke. Han skal arbeide med Månegruppa, og han har valt "Sola" som tema for denne veka. Kva vi endar opp med når veka er ferdig, veit vi ikkje. Når ein har ein aktivitet, skal legge merke til kva ungane blir opptekne av. Deira interessefelt skal prege aktiviteten neste dag.

2013-02-04

Ny pedagogisk leiar

Solveig har sin siste dag 7. februar på Storestova. Katrine Vikøren Myhre overtek stillinga som 50% pedgogisk leiar. Ho har sin første arbeidsdag 12. februar.

2013-01-29

Endringar i planane for januar

Turen som var sett opp 24.1 til Sogndal for Månegruppa må utsetjast. Den blir sett opp att i februar.

2013-01-20

Student

Frå mandag 21. januar skal vi ha ein student frå høgskulen på vår avdeling. Han går 2. året på førskulelærarutdanninga, og han skal vere i 5 veker. I samband med  praksisen har han ulike oppgåver som han skal ha fokus på.

2013-01-20

Informasjon for januar

I lag med månadsplanen pleier vi å ha eit informasjonsskriv. Det blir lagt ut etter personalmøte tysdag 8. januar. Møtet skal brukast til evaluering av første halvår, og planar for neste halvår skal leggast. Dette vil vi ha med noko om i infoskriv for januar.

2013-01-07
Nissefest bilete

Nissefest 21. desember

21. desember er det nissefest i barnehagen. Det startar med samling på Loftstova for alle kl. 10.30. Til måltidet blir det risengrynsgraut med mandel i. Månegruppa på Loftstova et saman med Månegruppa på Storestova. Stjernegruppa på Storestova et på Loftstova.

Det er kjekt om alle barna er kledd i raude eller blå nissekle.

2012-12-11
Lucia

Luciafeiring og foreldrekaffi

Torsdag 13. desember er det Luciadagen. Vi inviterer foreldre og søsken til foreldrekaffi frå kl. 14.30 - 16.00 denne dagen.
Vi serverer lussekattar, pepperkaker, kakao og kaffi.
VELKOMNE!

2012-12-04
Powered by CustomPublish AS