Det nye arealet ligg heilt i nordenden av reservatet, og grensar mot Vigdøla, sjå kart. Arealet er eitt av 36 område som vart vedteke verna av regjeringa i statsråd 1. desember med føremål å styrka skogvernet i Noreg. For trass i at skogområda utgjer dei desidert mest artrike dyre- og plantesamfunna (inkludert raudlisteartane), har dei fleste av  verneområda til no vorte etablert på høgfjell og anna mindre produktiv mark.

 

Kommunen har utarbeidd ein forvaltningsplan for reservatet, denne ligg i augneblinken til sluttgodkjenning hjå fylkesmannen.

Ytamo naturreservat

 Foto: Liv Byrkjeland