Ordførar Ivar Kvalen ynskjer å kome i kontakt med deg, og tek gjerne ei synfaring for å vise deg aktuelle bustadområde. Du er velkomen til å ringe ordføraren på tlf. 95 19 18 29

Det er ledige tomter i fleire kommunale bustadfelt i kommunen, i Solvorn, på Indre Hafslo, på Hafslo, i Luster og i Jostedal.   Hausten 2014 startar også kommunen opp tomtesalet på Beheim 2 på Hafslo.

I løpet av 2015 har kommunen målsetjing om å ha nye byggeklare tomter på Kvitevollen i Luster, Verket II  Gaupne, Salen i Gaupne, Bolstadmoen på Skjolden og Høyheimsvik.

Kommunen har mange utleigebustader. Etterspurnaden er stor, og særleg i Gaupne har det vore vanskeleg å etterkome alle ynskje.
Gjennom Stiftinga Luster Utleigebustader vert det planlagt nye bustader på tomta ved sidan av ungdomshuset i Gaupne, tidlegare Gaupne barnehage. Det er venta at kommunestyret vil vedta reguleringsplanen tidleg hausten 2014. Her er det er planlagt oppført to leilegheitsbygg i to etasjar med plass til 18-20 leilegheiter.

Det er også private som tilbyr eigedomar for sal eller leige.
Sjå innom vår nettside Bustadmarknaden