Mykje av driftsstansane og vedlikehaldet av pumpestasjonane består av fjerning av til dømes våtserviettar, klutar og moppar som IKKJE SKAL KASTAST I DO, men i boset.

Dokultur.jpgIkkje kast i do:

  • Boss som klutar, moppar, inkludert våtserviettar og eingongsklutar, Q-tips, bind, bleier, bomull, pussegarn m.m. Dette skal kastast i bossdunken.

  • Spesialavfall som olje og oljeprodukt, løysemiddel, tynnar, maling/beis, fotovæske, fargestoff, kontaktlim og medisinar skal ikkje hellast i vasken eller i toalettet. Spesialavfall skal samlast opp og leverast på miljøstasjonen, medisin skal returnerast til apoteket.

  • Feitt og matolje i små mengde kan heimekomposterast eller sorterast i lag med matavfall. Matolje i store mengde skal samlast på kanner/ flasker og leverast til avfallsmottak.

    Konsekvensane av å kaste andre ting enn dopapir i do kan bli:

  • Kloakk i kjellaren

  • Ureining i naturen

  • Auka kommunale avlaupsgebyr grunna auka behov for vedlikehald