Føremålet med tilskotet er å gje stønad til brukarar med vesentlege vinterskader på enga. Tilskotet er eit økonomisk verkemedel for å få ei avling av gras og grønfor som kan haustast same året, slik at avlingssvikten vert redusert. Ordninga gjeld vinterskade på eng med årsak i fysiske tilhøve (frost,isdekke,vatndekke, uttørring og oppfrysing og eller biotiske tilhøve (overvintringssopp)). Det kan berre gjevast tilskot til vinterskadd eng. Arealet må vere pløygd, horva, frest eller direktesådd og tilsådd med frø av eng eller grønnforvekster.Utbetringa må kunne gje avling i skadeåret. Forsømt utbetring kan føre til redusert erstatning/avslag for avlingssvikt. 

Forskrift om erstatning ved klimaskader

Utbetring bør skje så tidleg som mogeleg, og skal vere utført innan 15. juni.  Søknad til kommunen snarast råd, seinast 15.juli.

Eigendelen er 20%. Kommunen (landbrukskontoret) skal kontrollere vinterskadane før utbetring. Dokumentasjon for kjøpt såfrø skal vere vedlagt søknaden.