Luster kommune ber fylkestinget seia nei til intensjonsplanen for samanslåing mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Denne samanslåinga vil flytta makt, tenester og arbeidsplassar ut av fylket og skapa unødvendig stor avstand mellom dei styrande og lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. Skal ein godta denne minussida ved samanslåinga, må reforma ha ei stor og tydeleg plusside, og det har ho ikkje i dag. Det må fyrst gjerast klart av sentrale styresmakter kva som skal delegerast til regionane av mynde og tenesteområde før ein diskuterer struktur.

Ei samanslåing av dei 3 vestlandsfylka vil skapa ein ny Vestlandsregion med til saman 1,1millionar innbyggjarar og ei dagsreise å reisa gjennom. Demokratisk medverknad vert sterkt svekka ved at tal fylkestingsmedlemar i det nye storfylket vert redusert til 71 representantar. Det nye storfylket er også tenkt som ein samla valkrins, noko som truleg vil gje dagens Sogn og Fjordane sterkt redusert representasjon på Stortinget. Kva oppgåver dei nye regionane skal få er framleis ikkje avgjort, og ein kan såleis ikkje vita om ein eventuell ny stor region er det beste svaret på framtida sine utfordringar.

Dersom Stortinget vedtek å gjera endringar i fylkesstrukturen slik det er føreslått, meiner Luster Kommunestyre det beste alternativet er å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. Ein slik ny region vil få om lag 1/10 av innbyggjarane i Noreg og såleis svara opp til kravet om «om lag 10 meir like regionar enn dagens fylke» på ein betre måte. Ei eventuell ny regioninndeling vil tvinga fram ei mengde andre organisatoriske endringar innafor offentleg og privat sektor. Sogn og Fjordane og Hordaland fylke samla som ny region vil lettare kunna verta målestokk for nye organisatoriske einingar enn den føreslegne store Vestlandsregionen. Fleire viktige etatar som politi, beredskap mfl. er allereie på veg inn i ei slik geografiske inndeling, og ideelt sett burde alle statlege etatar organiserast etter denne modellen.

Same kva regioneining Sogn og Fjordane inngår i, er det eit ufråvikeleg krav frå Luster kommune at nynorsk må vera statleg tenestemål og fylkeskommunalt/regionalt administrasjonsmål i regionen, slik det er i Hordaland og Sogn og Fjordane i dag. I dag er Sogn og Fjordane det fylket i Noreg der nynorsken står aller sterkast og det einaste fylket der nynorsken er eit absolutt majoritetsspråk. Dette er ikkje godt nok sikra i intensjonsplanen, og det må gjerast ein ny avtale som sikrar dette før fylkestinga gjer vedtak.

Ei endring av dagens fylkesgrenser representerer endringar i geografiske og organisatoriske strukturar som har vart ved over svært lang tid. Samanslåing av fylke på Vestlandet til nye og større regionar vil bli den største regionale endringa på fleire hundre år, og vil utfordra identiteten innbyggjarane har knytta til eige fylke. Endringane vil vera nærast irreversible, og Luster Kommunestyre meiner at så grunnleggjande endringar bør innbyggjarane få høve til å seia si meining om gjennom ei folkerøysting.

Me ber om at det på denne bakgrunnen vert utarbeidd ein ny intensjonsavtale for Sogn og Fjordane og Hordaland som felles region.