A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vennskap

Skulen har gjennomført ein svært vellukka kampanje med temaet "Vennskap". Det har vore fantastiske aktivitetar i klassane og på tvers av klassar. 

3
englar 2
englar 3
englar
fadderklasse, aking
vennebenk 2
småskulen[1]
vennebenk[2]
vennskapsband[2]

5. og 10. klasse starta skuledagen ute med å lage ein stor sirkel der dei holdt kvarandre i hendene før dei datt bakover og lagde snøenglar. Eit nydeleg symbol! Deretter lagde eit skulpturprosjekt saman der dei skar ut bokstavblokker i snø med sag, måla bokstavane og sat dei saman til det flotte ordet VENNSKAP! Skulpturen står i rundkøyringa ved husmorskulen. 

3. og 8. klasse var på aketur i lag. 4. og 9. klasse var òg på aketur og dei hadde konkurranse med å lage den høgaste skulpturen. Flotte og omsorgsfulle fadderklassar me har på skulen vår!

Småskulen har hatt vennskap på timeplanen i både veke 5 og 6. Dei har feira Samene sin dag, hatt solfest og mange ulike aktivitetar i lag både inne og ute.

Dei flotte vennskapsbenkane står plassert inne spredt rundt på skulen og vert flittig brukt. Fantastisk bidrag frå arbeidslivsfag. Tusen takk til elevar og lærar for vel gjennomført kampanje! De er gode!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS