Om Veitastrond oppvekstsenter

Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ein unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper. 

Barnehagen har éi avdeling med 24 plassar og 5 tilsette. På skulen er det 17 elevar fordelt på 7 trinn, 4 lærarar og 1 SFO-tilsett. Med 17 elevar fordelt på 7 ulike trinn er tilpassa opplæring ein sentral del av skulekvardagen. Dette gjev rom for å skapa gode relasjonar mellom elevar på tvers av trinn, og mellom elev og lærar. Gjennom eit godt og framtidsretta samarbeid mellom barnehage og skule, skapar me ein glidande og trygg overgang frå barnehagebarn til skuleelev. 

Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet, og er i gang med utviklingsarbeid på desse områda. 

Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal.  

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/

Råd og utval

Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

 Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​ Kurt Heggestad (skule) og Åse Ruud (barnehage)
  • Representantar frå Elevrådet: Sondre Hilleren og Elise Nes
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​Marthe Kveane
  • Representantar frå barnehagepersonalet: Trine Engdahl Jepsen
  • Representant frå kommunestyret: Anja Irene Hilleren-Fåberg

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):

  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel éin representant frå skulen og éin representant frå barnehagen med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. 

Foreldregruppa vel ein foreldrekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/skule. 

FAU barnehage- og skuleåret 2023/24:

  • Skule:
    Kurt Heggestad
  • Barnehage: 

Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Samarbeid med heimen

Oppvekstsenteret ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Elevane får vekeplan kvar veke. På planen vil ein i tillegg til timeplan og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Fellesskriv vil bli kopiert opp i eitt eksemplar til kvar heim, sjølv om ein har fleire born ved skulen. Skrivet vert då delt ut til det yngste barnet dykkar.

Når foreldra til eleven ikkje bur saman, sender me heim informasjon til den av foreldra som har det daglege ansvaret. Dersom begge ynskjer informasjon, kan dei gje melding til kontaktlærar om dette.

Føresettportalen - Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. For barnehage nyttar ein tilsvarande system; Visma Flyt Barnehage. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 
Foreldremøte
I byrjinga av barnehage- og skuleåret er det eit foreldremøte for skulen og eit for barnehagen. Då går rektor/styrar gjennom mellom anna felles reglar og ordensreglement, forventingar, korleis ein arbeider med miljøet, elevane sine rettar i høve til opplæringslova kap. §9A, oppvekstsenteret sine satsingsområde og drøftar foreldresamarbeidet. På foreldremøta blir det valt foreldrerepresentantar og vara for to år om gangen.

Utviklingssamtalar
Skule:

To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar. Eleven kan vere med på heile eller deler av samtalen. Ein går gjennom eleven si mappe og eleven si faglege og sosiale utvikling. Ein set i fellesskap opp mål for vidare utvikling.

Barnehage: 

To gonger i året vert det invitert til utviklingssamtale med pedagogisk leiar/barnehagelærar. Haustsamtalen er valfri, medan utviklingssamtalen om våren er obligatorisk. Ein går gjennom utviklinga og trivselen til barnet, og set i fellesskap opp mål for vidare utvikling.