Når blir systemet brukt?

Det kan for eksempel vere ved vasstenging, stengte vegar, evakuering og andre forhold som krev rask informasjon.

Kan me nå deg?

Det finst to ulike register du kan velje å registrere deg i for at me skal nå deg. (Her kan du òg kontrollere om du allereie er registrert).

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon I dette felles nasjonale kontaktregisteret rår me deg til å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse då  mange førespurnadar frå det offentlege vil skje her i framtida. Dette på lik linje med sjølvmelding som du kjenner frå tidlegare.
  2.  www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister nyttar du om du ønskjer å motta varsel for ei adresse som du ikkje er registrert med bostedsadresse på.

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no  Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse.


For nærare informasjon sjå ofte spurte spørsmål om varsling.