Området, som er på om lag 3,5 daa, er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor. For området gjeld i dag reguleringsplanen for Lundshaugen bustadfelt, planId 1426-1996002. Største delen av området er regulert som friområde/leikeplass. Ein mindre del er regulert til område for kommunaltekniske anlegg. Føremålet med reguleringsarbeidet er å gje plass til nokre, truleg 2, bustadtomter i Lundshaugen.

Planavgrensing - Lundshaugen

Innspel og merknader.
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/plansjef Arne Ingjald Lerum, tlf. 57 68 55 07, E-post: arne.ingjald.lerum@luster.kommune.no

Eventuelle innspel og/eller merknader kan sendast Luster kommune, Rådhuset, 6868 Gaupne, innan 01.06.2017.