Utlysing av tilskotsmidlar - Gradering og merking av turløyper
På same vis som i fjor vert det sendt ein felles søknad frå Luster kommune som koordinerast her på rådhuset. Ønskjer de å vera med på dette? Nytt i så tilfelle vedlagt søknadsskjema. Hugs også vedlegg med oversynskart, detaljkart, skiltplan og plan for drift/vedlikehald. Send søknaden til kommunen seinast onsdag 8. februar, slik at me får sett saman ein felles søknad til fristen 15. februar.
Utlysing+av+midlar+til+merking+og+gradering.pdf
FÅR DU IKKJE OPP FILANE, SEND MAIL TIL: torkjel.solbraa@luster.kommune.no
Det var stort engasjement om dette i fjor, og dei fleste bygdene i kommunen er godt i gang med merking. Me oppmodar difor særleg dei bygdene som ikkje søkte i fjor om å sende inn søknad. Me ser også gjerne at det kjem inn fleire søknader om merking av sykkelstiar.
Det vert jobba med eit felles turkart for heile Luster. Det er eit mål at alle stiane som teiknast inn på dette kartet skal følgje den nye merkinga og graderinga.
Har de spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt.

Prosjektleiar: