Prisen er på 5000 kr og skal nyttast til vidare arbeid med UKM (Ung kultur møtest). UKM Norge deler ut prisen for å motivere til auka innsats i rekrutteringsarbeidet i kommunane, og for å gjere stas på dei som har gjort noko ekstra siste året. 

 

Stor auke i deltakartal

Ungdomsarbeidar Hilde Breiskalbakken i Sogndal kommune tok imot prisen på vegne av dei tre kommunane under framsyning 2 laurdag kveld på UKM-festivalen i Høyanger. Ho takka alle ungdommane som engasjerer seg, er med og arrangerer og deltar på UKM.

Sogndal, Leikanger og Luster hadde den einaste fellesmønstringa i fylket med auka deltakartal frå alle kommunane samanlikna med 2016. Dei hadde til saman 66 fleire deltakarar i år enn i fjor.

 

Ungdomar i alle ledd

Ungdomsmedverknad var viktig både i planlegginga og gjennomføringa av fellesmønstringa. Ungdomsråda i dei tre kommunane fekk ansvar for å samle ungdommar som hadde lyst til vere med som unge arrangørar.

Arrangørgruppa hadde møte og diskuterte kva dei hadde lyst til å gjere saman med vaksne arrangørar. Dei møttest også ein kveld berre for å blir kjende og ha det kjekt i lag som gruppe. Gjennom dette fekk ungdommane stort eigarskap til mønstringa noko som gjorde det kjekt å vere med.

 

Jobba med rekruttering

Arrangørgruppa var også ute på alle skulane i kommunane for å informere om UKM. Dei snakka med andre ungdommar og prøvde å få så mange som mogleg til å bli med. Kvelden før mønstringa arrangerte dei ein sosial kveld for både deltakarar og andre. Der kunne deltakarane også kome for å øve om ein ønskte det.

Mønstringa hadde brei deltaking, og kommunane har også sendt vidare deltakarar til alle områda av UKM-festivalen Sogn og Fjordane: utstilling, scene, unge arrangørar, konferansierar og til UKM Media.