Det inneber at det ikkje er lov å grille eller tenne bål i skogen, i marka eller på stranda. Du kan heller ikkje bruke dei faste bålplassane i marka eller brenne bråte når det er totalforbod. Grilling i eigen hage er som regel tillatt så lenge du passar godt på!

Totalforbodet gjeld i alle våre fem eigarkommunar: Sogndal, Luster, Leikangar Balestrand og Vik. Og gjeld inntil ny melding vert lagt ut!

Heimel for forbodet fremgår av forskrift om brannforebygging §3 og brann- og eksplosjonsvernlova §37.

Ved spørsmål om totalforbodet eller bålbrenning ta kontakt med overordna vakt/vakthavande brannsjef på tlf. 48 29 69 29

https://www.yr.no/spesialvarsel/skogbrannfare.html