Beheim 2, Hafslo gbnr. 149/118 (tomt T1)

Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 149/118. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk.

Reguleringsformål
Terrassehus/blokker
Min. 8 husvære på 2 eller fleire rom

Byggjegrense
10 m frå senterlinje i Bakkingasvingen. Sjå plankart.

Areal
1 337 m2

Utnyttingsgrad
%BYA  40 %

Maksimal byggjehøgde

Mønehøgde ved skråtak maks. kt. 219.
Gesimshøgde: maks. kotehøgde 217.

Møneretning og takform

Møneretning skal vere vinkelrett på grenselinje mellom 149/118 og

Takform skal samordnas med bygning på gbnr. 149/121.

Garasje/carport/uthus– skal ha møneretning vinkelrett på eller parallelt med møneretning for bustadhus eller tilgrensande veg.

Utforming

Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk og heilskapleg utbygging. Det skal leggjast vekt på å få gode uteopphaldsareal på kvar tomt.

Støttemurar over 1m skal sikrast med gjerde. Gjerde skal vere i trematerial og ikkje overstiga ei høgde på 1 m. Langs same veglinje og friområde skal gjerda ha ei einsarta utforming.

Tilkomst og avkøyrsle

Skal vere frå offentleg veg og syne på situasjonsplanen

Parkeringsplassar

Det skal på eiga tomt opparbeidast min. to P-plassar for husvære på 3 rom og meir, 1,5 P-plassar for husvære på mindre enn 3 rom og 0,5 P-plassar pr. hybel.

Garasje/carport/uthus

Kan plasserast nærare off. veg enn byggjegrense, men ikkje nærare enn 0,5 m til «anna vegareal».

Enkle bygningar har maks. mønehøgd på 4,5 m og doble bygningar gir maks. mønehøgd 5,5 m.

Garasje/carport kan ha underetasje nytta som bod/kjellar der terrengtilhøva tilseier det, og då kan møne- og gesimshøgd aukast med 1,5 m.

Kabelanlegg

Skal leggjast i bakken (el., tele ..)

Tilbake til feltet