Verket 2, gbnr. 77/60 (Tomt BB3)

Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 77/60. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk.

Reguleringsformål
Bustad - konsentrert

Byggjegrense
4 m frå køyreveg. Sjå plankart.

Areal
1 296 m2

Utnyttingsgrad
Min % BYA = 50 og maks %-BYA = 65 %

Maksimal byggjehøgde

Gesimshøgd maks 7 m.

Utforming

Universell utforming skal liggje til grunn. Utforming av hus, materiale og farge på hus skal tilpassast tilhøve på omkringliggjande tomter og hus.Garasje/carport skal tilpassast huset si utforming.

Bygg og uteområde skal utformast med omsyn til klimapåkjenning (kald trekk, vind). Alle bygningar skal ha hage på framsida og på baksida.

Minste uteopphaldsareal (MUA)

Skal vere 25 m2 per bueining på bakkeplan. Arealet skal ikkje vere brattare enn 1:3, og skal ha gode soltilhøve og vere skjerma for støy.

Garasje/carport

Garasje/ carport kan oppførast i 1. etg med BYA/ BRA inntil 50m²

Tilkomst

Frå offentleg vegsløyfe, KV2. Minst mogleg tomteareal bør gå med til veg.

Situasjonsplan

Tomtedeling, plassering av bygningar, tilkomst, P-plassar, evt. garasjar/carportar, støttemurar, gjerde og terrenghøgde skal syne i planen. Målestokk 1:200.


Tilbake til feltet