Verket 2, gbnr. 77/57 (tomt 6)

Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 77/57. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk.

Reguleringsformål
Frittliggjande bustad

Byggjegrense
2 m frå fortau FT2 og friområde, 4 m frå grense til nabotomt. Sjå plankart.

Areal
Om lag 0,4 dekar.

Utnyttingsgrad
Maks. %-BYA = 35 %

Maksimal byggjehøgde

Gesimshøgd maks 7 m.

Utforming

Universell utforming skal liggje til grunn. Utforming av hus, materiale og farge på hus skal tilpassast tilhøve på omkringliggjande tomter og hus.Garasje/carport skal tilpassast huset si utforming.

Bygg og uteområde skal utformast med omsyn til klimapåkjenning (kald trekk, vind). Alle bygningar skal ha hage på framsida og på baksida.

Tomter mot friområde/leikeplass skal inngjerdast eller avgrensast med hekk eller liknande. Gjerde skal ha ei einsarta utforming.

Minste uteopphaldsareal (MUA)

Skal vere 25 m2 per bueining på bakkeplan. Arealet skal ikkje vere brattare enn 1:3, og skal ha gode soltilhøve og vere skjerma for støy.

Parkeringsplassar

På tomta skal det opparbeidast 2 P-plassar per bustadeining og 0,5 P-plassar per hybel.

Garasje/carport

Kan overskride byggjegrense, men ikkje nærmare enn 2 m frå anna veggrunn om garasjen ligg langs med vegen og 5 m dersom den er plassert vinkelrett på vegen. Kan plasserast inntil 1 m frå nabogrense eller i nabogrense dersom det er felles garasje.

Garasjar i 1. etg. skal ha ei gesimshøgd på maks 2,5m.

Tilkomst

Frå offentleg vegsløyfe, KV2. Minst mogleg tomteareal bør gå med til veg.

Situasjonsplan

Tomtedeling, plassering av bygningar, tilkomst, P-plassar, evt. garasjar/carportar, støttemurar, gjerde og terrenghøgde skal syne i planen. Målestokk 1:200.

Tilbake til feltet