Det er kommunane som opprettar anleggsnummer og brukar for søkjaren i anleggsregisteret. Er det fleire enn éin søknad frå kommunen må kommunen prioritere mellom søknadene gjennom politisk vedtak. Kommunen legg ved uttale om behovsvurdering saman med søknadene i anleggsregisteret. Les meir om dette i retningslinjene på nettsidene våre.
 
Det er ein stor fordel om søkjar samlar flest mogleg av vedlegga til søknaden i eitt eller nokre få dokument, framfor i mange. Kommunane bør oppmode søkjar om å scanne og laste opp vedlegga i eitt eller nokre få dokument. Er søkjaren om tilskot til kulturbygg ein tidlegare søkjar som har fått søknaden godkjent, men avslag grunna lite midlar, kan han fornye søknaden i anleggsregisteret. Søkjaren treng då ikkje laste opp vedlegga på nytt, då desse er tilgjengeleg i systemet via tidlegare søknad.
 
Vestland fylkeskommune har nyleg vedtatt retningslinjer for tilskot til kulturbygg gjennom ordninga desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. Del 1 av retningslinjene byggjer på Kulturdepartementet sine retningslinjer, medan del 2 er fastsett av Hovudutvalet for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune. Du finn informasjon, retningslinjer, link til anleggsregisteret m.m. på nettsidene våre: https://www.vestlandfylke.no/kultur/kunst--og-kulturutvikling/tilskot-til-kulturbygg/
 
Kulturdepartementet har nyleg oppretta tilskotsordninga Kulturrom (tidlegare Musikkutstyrsordninga) som skal sikre tilgang til rom med gode tekniske vilkår for øving og framføring av musikk, teater og dans over heile landet. Søknadsfristar er 2. mars og 1. september. Les meir om ordninga på http://www.kulturrom.no/.
 
Kulturrådet har ei eiga støtteordning til kulturbygg med namnet ARENA (tidlegare Rom for kunst) med søknadsfrist 3. juni. Les meir om den ordninga på: https://www.kulturradet.no/kulturbygg/vis/-/rom-for-kunst-blir-arena.
 
Vestland fylkeskommune