Nivåtestar kan gjerast gjennom å registrere seg på denne nettsida hjå Folkeuniversitetet: https://cefr.folkeuniversitetet.no/. Vi anbefaler at alle aktuelle gjer dette i forkant av påmelding.

Kommunen har frå før gjort eit arbeid med å kartleggje kva verksemder som kan ha behov for dette og alt tyder på at det er trong for denne typen kurs lokalt. Det er viktig at framandspråklege lærer seg godt norsk, slik at dei raskt kan bli integrert i det norske samfunn.
For verksemdene kan det vere avgjerande og viktig at dei tilsette har god forståing for norsk både munnleg og skriftleg. Om ein tilsett t.d. misforstår ei tinging på varer eller ikkje skjønar HMS reglementet, kan det fort skape problem for verksemda. Det er difor i verksemdene si interesse å bidra til at flest mogleg gjennomfører kursa. Kommunen ønskjer å setje fokus på dette og ha eit godt samarbeid med det lokale næringslivet, slik at vi kan nå ut til flest mogleg av dei som treng denne typen opplæring.

Luster Kommune tilbyr seg å betale halve kursavgifta. Normal pris er kr. 4590,- for denne typen kurs, så med kommunen sitt bidrag, blir prisen kr 2295,- pr deltakar. Det vil så vere opp til verksemdene og den einskilde tilsette å bli einig om korleis resten av kursavgifta kan finansierast.

Kommunen foreslår likevel at det vert sett krav til deltakarane, slik at den tilsette ikkje får refusjon på restbeløpet frå verksemda, før vedkomande har bestått den offisielle testen. Då vert ein premiert for god innsats og ikkje minst godt oppmøte. Korleis verksemdene vil gjere dette, må likevel den einskilde leiar ta stilling til sjølv.

Om du går til denne nettsida, får du meir informasjon om det konkrete innhald i kursa: https://www.folkeuniversitetet.no/Spraakkurs/Norskkurs-grunnivaa/Norskkurs-nybegynner-A1

Har du aktuelle deltakarar til dei lokale norskkursa, så gjer vel å få dei aktuelle deltakarane registrert på https://www.kursiluster.com/

Søknadsfristen er fredag 25. august. Påmelding via nettsida https://www.kursiluster.com/

Kurset vil ta til tysdag 12. og torsdag 14. september kl. 18.00 – 21.00 lokalt i Gaupne.

Spørsmål om kursinnhald og praktisk gjennomføring skal gå til Folkeuniversitetet ved Daniel Hundershagen tlf. 52 70 43 27 eller Lena Strandheim tlf. 57 83 23 18

 

Luster kommune                                            Folkeuniversitetet

Olav Grov, næringssjef                                Reidar Brandsberg, salgssjef