Laurdag 6. mai er den store nordiske strandryddedagen. Me hiv oss på og inviterer alle som har lyst til å vera med på dugnad for å rydda boss langs Lustrafjorden.

Det vert innsamlingspunkt i Solvorn, Marifjøra, Gaupne (kaien), Nes (rasteplassen ved Neshøgdi) , Luster (v Lustrabui), Skjolden, Kroken og på Ornes. Bygdelaga er gode medhjelparar!

Aksjonen startar kl. 13. Søppelsekker får du ved containeren. Alle fraksjonar kan hivast i sekken. Skriv namn og telefonnr på sekken og bli med i trekninga av fine premiar! Hovudpremien er eit nettbrett!

Finn fram eit par hanskar og bli med på ein dugnad til glede for både menneske og naturen!