Utviklinga innan kumjølkproduksjon har vore dramatisk i Luster siste åra. Frå tusenårsskiftet og fram til 2015 har talet på mjølkeprodusentar vorte meir enn halvert, frå 130 til 56, og talet på mjølkekyr har gått ned frå om lag 1 450 til 900. Mjølkemengda pr. år har gått ned frå  6,8 mill. liter til 5,4 mill. liter i same perioden. Talet på «andre storfe», som er grunnlaget for storfekjøtproduksjon, har gått ned frå om lag 2 250 til 1 900.

Målsetjing
Luster kommune har som mål å oppretthalda sin historiske del av den samla mjølkeproduksjonen i landet og å gjera seg nytte av det store udekka potensialet på landsbasis i dag innanfor storfekjøtproduksjon.

Begge produksjonane betyr mykje for Luster. I tillegg til den direkte sysselsetjinga i næringa, genererer dei positive ringverknader på andre område, som auka etterspurnad etter varer og tenester, viktig bidrag for å oppretthalda busetnaden og folketalet kringom i bygdene,  produksjon av kortreist, rein mat, vedlikehald av kulturlandskapet som betyr mykje både for eigen trivsel og reiselivet, berre for å nemna noko.  Ei ytterlegare avskaling i tal brukarar og produksjon vil svekka fagmiljøet og forsterka den negative trenden. 

Styringsgruppe
Kjersti  Sognnes frå TINE  er leiar av gruppa og i tillegg deltek  Tomas Kjørlaug frå produsentlaget og Steinulf Skjerdal frå Luster kommune.
Møtedokument styringsgruppa (møtekalender)

Retningslinene nedanfor skal gjelda for bruken av prosjektmidlane:

1.Dei respektive arbeidsgjevarane, TINE, produsentlaget for Luster og Luster kommune, dekker utgiftene prosjektarbeidet medfører for kvar sin deltakar i styringsgruppa.

2.Tenester utført av produsentrådgjevar i TINE vert fakturert etter medlemspris, TINE tek mellomlegget opp til full utgiftsdekning.

3.Einskildprodusentar får fullt ut dekka fakturerte kostnader gjennom prosjektet til vegvalrådgjeving og driftsplanlegging.

4.Den kommunale ordninga med tilskot til utarbeiding av teikningar vert vidareførd som i dag (75%). Utgifter til armeringsteikningar fell utanfor ordninga.

5.Kostnader til fellestiltak som informasjonsmøte, organiserte fagturar mv. skal avtalast særskilt med kommunen for kvart arrangement.

6.Tvil om forståing av retningslinene for bruken av midlane skal avgjerast av rådmannen

Oppstartmøte 14.11.2016
Det opne oppstartmøtet for prosjektet vart avvikla på rådhuset i Gaupne 14. november. Her fortalde aktive bønder om sine produksjonar,  «erfaringar etter 20 år med mjølk og ammekyr», «vegen frå båsfjøs til lausdrift med robot», og prosjektleiaren for det fylkesdekkande storfeprosjektet delte sine tankar om korleis produsentane i Luster kan få del i den økonomiske utviklinga innan mjølke- og kjøtproduksjon. Salen deltok aktivt i idèmyldring om korleis ein best mogeleg skal lukkast i prosjektet.

  1.   Referat frå møtet PDF document ODT document
  2.  Lise Elvagjeng – innlegg og tankevekkjar
  3.  Steinar Schanke – presentasjon
  4.  Jo Helge Sunde – presentasjon
  5.  Bjørn Rørtveit – bilete frå byggjeprosjektet

Bygdamøte 20.02.2017
Ammekumøte 26.04.17