Nyutdanna lærarar 2017.JPGKurshaldar på denne første samlinga var Dorthea Sekkingstad ved Høgskulen på Vestlandet. Temaet på første samling var klasseleiing, det vil seia korleis læraren kan motivera elevane, skapa eit positivt læringsmiljø, organisera og styra undervisninga.

Sekkingstad har bidrege på samlingane for nyutdanna over fleire år og framhevar kor avgjerande det er at dei  nyutdanna vert møtt og følgt godt opp i byrjinga av lærarkarriera. Gjennom rettleiing og oppfølging av dei nyutdanna kan kommunen som skuleeigar og arbeidsgjevar hjelpa dei nyutdanna til å lukkast og trivast i eit krevjande yrke.

Til saman skal det gjennomførast fire samlingar for dei nyutdanna der tema mellom anna vil vera tilpassa opplæring, spesialundervisning og individuell opplæringsplan, vurdering for læring, lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit med meir.

 

Bilete:
Bak frå venstre: Dorthea Sekkingstad, Marta Hatlevoll, Stine Steig, Marianne Lerum Lund, Hege Stein, Marius H.D. Salvesen.
Framme frå venstre: Norill Terese Norheim, Eli Høyheim, Marita Elvagjeng, Marie Alme.
Hilde Haukås-Eide deltok også på samlinga.