Hovudoppgåva til barnevernet er å hjelpe til slik at barn og unge får omsorg, tryggleik og gode høve til å utvikle seg. Barnevernet kan mellom anna gi råd og rettleiing og skaffe støttekontakt, barnehageplass, besøksheim og tilbak som kan avlaste foreldra i heimen. 

Dei fleste barn får god omsorg heime hos foreldra sine, men av og til kan det vere vanskeleg for foreldra å få det heilt til, til dømes om dei har ein vanskeleg livssituasjon. Då kan barnevernet vere til god hjelp.