25 000 kroner
Prisen er på 25 000 kroner og kan gå til enkeltpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats for å gjere trafikken i Sogn og Fjordane tryggare. Prisen vert delt ut kvart år, og sjølve overrekkinga vert i år på fylkestinget sitt møte 17. oktober.

I fjor gjekk prisen til Anna og Helge Brakstad, for innsatsen for mjuke trafikantar langs fv. 57 ved Heggelund i Gulen. Andre prisvinnarar dei siste åra har vore to idrettslag (Vik og Markane) og Våge Kvinne- og familielag. Dei har fått prisen høvesvis for å ha bygd rulleskiløyper/-anlegg i Vik og på Ullsheim og for imponerande dugnadsånd for veglys i Fjaler.

Send inn forslag
FTU ønskjer grunngjevne forslag på aktuelle kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017. Fristen for å sende inn forslag er 12. september. Forslag skal sendast til anten

Statens vegvesen Region Vest v. FTU-sekretariatet
Askedalen 4
6863 Leikanger

på e-post til firmapost-vest@vegvesen.no eller på heimesida til fylkeskommunen.