Arkivverket. Her kan du finna folketeljingane frå 1801, 1865, 1875, 1900 og 1910. I tillegg finn du scanna kyrkjebøker, tinglysingsdokument og skiftemateriale.

Fylkesarkivet i Vestland. Her kan du søkje på persondata frå kyrkjebøker og folketeljingar frå Sogn og Fjordane. Her finn du og databasar med historiske foto som ofte har personopplysningar.

DIS Norge. Dette er eit forum for for organisasjonen "Databehandling i slektsforsking". Dei tek opp aktuelle emne for slektsforskarar og arrangerer møte om dette. DIS Norge gir ut tidsskriftet "Slekt og data".