Det er i hovudsak ein meir krevjande økonomisk situasjon i Luster kommune med svikt i inntekter dei næraste åra, som er bakteppet for at Telemarkforsking no gjer ei utgreiing av skulesektoren. Eit anna konsulentselskap – KS Konsulenter – ser parallelt på tenestetilbodet generelt inkludert ein økonomisk analyse over utgifter og inntekter i kommuneøkonomien i Luster.                                                                                                                               

Både førebelse funn og tidlegare gjennomgangar har synt at skulesektoren i Luster har eit høgt kostnadsnivå samanlikna med andre kommunar og landssnittet. Noverande skulestruktur er ein av hovudårsakane til det høge kostnadsnivået innan oppvekst.

Kva skal Telemarkforsking sjå på
Utgreiinga til Telemarkforsking skal vera grunnlag for ein skulebruksplan, og oppdraget er todelt.
I første fase skal selskapet sjå på pedagogiske, økonomiske og samfunnsmessige sider ved skule-strukturen, og konsulenten skal peika på tiltak der ressursbruken i Luster kommune er høg samanlikna med samanliknbare kommunar, beste praksis og lovkrav som gjeld innanfor grunnskule og oppvekstområdet. Som ein del av utgreiinga skal Telemarkforsking  også sjå skulen si rolle i og for bygdene.

I del 2 skal Telemarkforsking gjera ei nærare konsekvensutgreiing av dei mest aktuelle endringane i skulestrukturen og ta med eventuelle konsekvensar for barnehagedrifta. Alle utgreiingar må synleggjera netto innsparingar. Eit moment som skal takast med er kva belastning reisetid og trygg reiseveg har for borna. Det er Formannskapet som er styringsgruppe for arbeidet og som   skal velja endringsalternativa i skulestrukturen som Telemarkforsking spesielt skal utdjupa før dei leverer rapporten 1. juni.

Framdriftsplan og involvering
Fram til no har Telemarkforsking arbeidt med grunndata og samla inn og samanstilt informasjon om ressursbruk, kostnader og driftsutgifter, sett på folketal, fødselstal og elevtal for å kunne gjera ei meir nøyaktig elevtalsframskriving ved dei ulike skulane, kartlagt fagkompetansen hjå lærarane i kommunen, gjennomført ei synfaring av alle skulebygga i kommunen for å vurdera kor gagnlege undervisningsromma er og kapasiteten i høve elevtal. På synfaringane har konsulenten også hatt ein kort samtale med rektorane. Førebelse funn vart lagt fram for Formannskapet 15. mars.

18. og 19. april skal Telemarkforsking gjennomføra gruppesamtalar i kvar krins der hovudtemaet vil vera skulen si tyding for bygda. Representantar for FAU og bygdelaga vil verta inviterte til denne samtalen.

Andre veka i mai – dvs. 09.–12. mai – vil det verta opne folkemøte i kvar krins der Telemarkforsking vil leggja fram si førebelse utgreiing. Møta vil vera på sein ettermiddag eller kveldstid. Deretter vil Telemarkforsking sluttføra si utgreiing og levera endeleg rapport til kommunen innan 1. juni.

Rådmannen si tilråding til hausten
Planen er vidare at over sommaren – i månadsskiftet august-september – vil rådmannen koma med si vurdering og tilråding når det gjeld endringar i skulestrukturen. Tilrådinga vil verta lagt ut på brei høyring og med god høyringsfrist.

Endeleg tilråding med innkomne høyringsutsegner kan så verta lagt fram for kommunestyret for endeleg handsaming i samband med budsjettprosessen og fastsetjing av økonomiplan og kommunebudsjett for 2018. Med dette vil ein ha grunnlag til å utarbeida skulebruksplan for åra frametter.                                                                 

Prosessar der ein vurderer endringar av skulestruktur i form av eventuelle nedleggingar, samanslåingar eller flytting av mellomsteg,  er tunge og vanskelege prosessar for alle involverte.
Noverande skulestruktur er kostbar, og driftsnivået på skule er det området der Luster kommune skil seg mest ut samanlikna med andre kommunar. Dårlegare kommuneøkonomi, reduksjon
 i elevtal og krav til kvalitet/kompetanse gjer at det er naudsynt å gjera endringar.                                                                                                           

Vona og målsetnaden er at utgreiinga til Telemarksforsking og ei brei involvering, kan bidra til
å løfta fram perspektiv på korleis framtidas skule bør sjå ut i Luster til det beste for alle elevar.

Formannskapet er styringsgruppe for arbeidet og vil undervegs gjera vurderingar som kan endra på framdrift og gjennomføring i høve det som her er skissert.

 

Rådmann                                                Kommunalsjef oppvekst
Jarle Skartun                                          Knut Åge Teigen