I løpet av det første året som nyutdanna lærar er det fem fagsamlingar med tema som er nyttige i startfasen som lærar.   I tillegg har dei nyutdanna lærarane også ein eigen mentor på skulen sin som dei kan få rettleiing av.

Tema for den første samlinga var klasseleiing, det vil seia korleis læraren organiserer og styrer læringsarbeidet i klassen. Kurshaldar var Dorthea Sekkingstad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som i fleire år har samarbeidd med Luster om mentor- og nyutdanna-oppfølginga.

Hjarteleg velkomen til lustraskulen – veldig kjekt å ha så mange nye lærarar med på laget!