Rektor/styrar er leiar for både skulen og barnehagen med f.t. 85 % administrasjon og 15 % undervisning.

Indre Hafslo oppvekstsenter er ein tredelt skule med ca. 34 elevar på 1. - 7. trinn og f.t. 30 barnehageplassar i barnehagen. Det er ca. 15 tilsette i oppvekstsenteret.

Indre Hafslo oppvekstsenter er veldriven og kan vise til gode resultat, nøgde barn og medarbeidarar.

Vi søkjer etter ein leiar som:

- Står fram som ein tydeleg, systematisk og engasjert leiar.

- Delegerer oppgåver og brukar medarbeidarane sin gode kompetanse.

- Gjennomførar utviklingsarbeid i nært samspel med medarbeidarane, barn og føresette.

- Samarbeider med alle aktørar innanfor skulen/barnehagen og nærmiljøet.

- Samhandlar godt med andre rektorar/styrarar og den administrative leiinga i kommunen.

- Leiar oppvekstsenteret i samsvar med lovar, avtaleverk og læreplanar.

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på:

- Relevant pedagogisk utdanning og praksis.

- Gode leiareigenskapar med evne til målretta og løysningsorientert arbeid.

- Eit reflektert pedagogisk grunnsyn.

Kommunen kan tilby:

- Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver.

- Løn etter avtale.

- Elles vanlege kommunale tilsetjingsvilkår med pensjons- og forsikringsordningar.

Den tilsett må leggja fram politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Søknad:

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om stillinga kan du ta kontakte med kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søkje kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din

Kontaktperson

Knut Åge Teigen, kommunalsjef oppvekst, tlf: 57 68 55 22, mobil: 951 47 914, knut.age.teigen@luster.kommune.no

Søknadsfrist 03.08.2017