I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har det faste utvalet for plansaker i møte 06.06.2017, PFV-sak 33/17, vedteke å leggja reguleringsplan for området ut til offentleg ettersyn. Plan-id: 1426-2015004.

Området på ca. 105 daa er regulert til byggeområde - motorsport, veg og parkering, grønnstruktur – buffersone/hjortetrekk, landbruk og bruk og vern av sjø og vassdrag. Planen er i samsvar med gjeldande kommuneplan, arealdelen.

Planframlegg med tilhøyrande saksdokument er lagt ut til ettersyn i tida frå 17.06. - 01.08.2017

Du kan lesa plandokumenta her:

Saksprotokoll

Føresegner med planomtale og Ros-analyse

plankart

planprogram

støyrapport

kartlegging av naturmangfald

Du skal også finne planen digitalt på www.kommunekart.com

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/planleggjar Inger Handegård tlf.: 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no 

Merknader til planframlegga skal sendast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne eller på e-post postmottak@luster.kommune.no innan 1. august 2017.