I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har det faste utvalet for plansaker i møte 12.09.2016, sak 36/16, vedteke å leggja framlegg til ny reguleringsplan for Heggmyrane-sentrale deler, ut til offentleg ettersyn. Plan-ID 1426-2013005

Hovudføremålet med planen er å leggja til rette for utvikling av Sogn skisenter med både vinter og sommaraktivitetar. Området på ca. 2.500 daa er regulert til bl.a. skianlegg med stadion og løypetraséar, hytter, vegar, naturområde og landbruk. Planen er i samsvar med gjeldande kommuneplan, arealdelen og bygger på Forprosjekt for Sogn skisenter. Planen er utarbeida av Nordplan

Planframlegget (kart) med tilhøyrande føresegner, planomtale, skredvurdering, innspelsliste og saksdokument finn du under.

Plankartet er lagt inn i Luster kommune sitt nye digitale kartsystem. Ved å trykke på denne linken kjem du rett til planen i kartet.

OBS: Hugs å slå av gjeldande reguleringsplanar under fana oppe i høgre hjørne – Meny-kartutvalg - for å sjå berre denne planen på skjermen.

Plankart

Føresegner

Flaum-/skredfarevurdering

Sakshandsaming

Innspel
 

Plankartet er lagt inn i Luster kommune sitt nye digitale kartsystem. Ved å trykke på denne linken kjem du rett til planen i kartet.

OBS: Hugs å slå av gjeldande reguleringsplanar under fana oppe i høgre hjørne – Meny-kartutvalg - for å sjå berre denne planen på skjermen.


Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Inger Handegård tlf.: 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no 

Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, 6868 Gaupne, innan 17. november 2016.