Plan-ID 1426-2017002. PFV-sak 20/17.

I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 og 11, har det faste utvalet for plansaker i møte 03.04.2017 vedteke å leggja reguleringsplanar for Gaupne brannstasjon ut til offentleg ettersyn. Planframlegg med tilhøyrande saksdokument er lagt ut til ettersyn i tida frå 08.04. – 21.05.2017. Planen ligg på Servicetorget i Rådhuset og på biblioteket i Pyramiden, Gaupne.

Området på ca. 7 daa er tenkt nytta til offentleg tenesteyting – brannstasjon, industri og kommunalteknisk anlegg.

Planframlegget (kart) med tilhøyrande føresegner

Plankart Gaupnegrandane

Saksprotokoll planvedtak

Plankart

Plankartet er lagt inn i Luster kommune sitt nye digitale kartsystem. Ved å trykke på denne linken kjem du rett til planen i kartet.

 

Spørsmål knytta til planframlegga kan rettast til Luster kommune v/planleggjar Inger Handegård
tlf.: 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no 

Merknader til planframlegga skal sendast til Luster kommune, 6868 Gaupne, E-post: postmottak@luster.kommune.no innan 21. mai 2017.